English version

Disputas: Talieh Sadeghi

Talieh Sadeghi disputerer for grada ph.d. i profesjonsstudiar med avhandlinga «The occupational context of activation work: The relative role of educational and workplace qualification and socialisation».

Bedømmingskomiteen består av:

Disputasleiar er senterleder Beate Elvebakk, Senter for profesjonsstudier, OsloMet

Kandidatens rettleiarar er professor Silje Bringsrud Fekjær og professor Lars Inge Terum, Senter for profesjonsstudier, OsloMet.

Sammendrag

Aktiveringspolitikk, forstått som tvungen aktivering av personar som står utanfor arbeidslivet, har påverka borgarars liv og drastisk endra frontlinjearbeidet i NAV. Dette har verknader på kompetansekrava til frontlinjearbeidarar og reiser viktige spørsmål vedrørande kvalifisering og sosialisering av medarbeidarane.

Det eksisterer lite forsking om denne yrkeskonteksten i aktiveringsarbeid, spesielt i dei nordiske landa. Gitt nøkkelrolla si i borgarars liv, er det forventa at frontlinjearbeidarar er dedikerte til arbeidet sitt og utfører oppgåvene sine på ein kompetent måte, noko som presumptivt bidreg til betre tenestekvalitet. Det er vidare rekna med at berekrafta i velferdsstaten delvis avheng av kvaliteten på tenestene som blir skaffa i frontlinja.

Forskingsspørsmål

Med dette som bakteppe, og eit særleg fokus på sosialarbeidarar som den største yrkesgruppa i NAV, er målsetjinga i denne avhandlinga å utforska den relative betydninga av utdanningsbakgrunn og arbeidsplassen for den opplevde kompetansen til medarbeidarane og dedikasjon. Med potensielt viktige implikasjonar for praksisfeltet søkjer eg med dette å kasta lys over om det er utdanningsarenaen eller arbeidsplassen som har mest å seia for kvalifisering og sosialisering av medarbeidarar i NAV.

Funn

Sjølv om datagrunnlaget til avhandlinga ikkje tillèt behandling av spørsmålet om arbeidsprestasjonar, blir forskjellane utforska mellom sosialarbeidarar og medarbeidarar med annan utdanningsbakgrunn langs dimensjonane opplevd kompetanse og dedikasjon i artiklane 2 og 4. Sett i lys av tidlegare forsking er det her anteke at sjølvopplevd kompetanse og dedikasjon kan reknast som indikatorar på arbeidsprestasjonar og dermed også tenestekvalitet. 

Resultata i desse artiklane viste få og ubetydelege forskjellar mellom sosialarbeidarane og andre medarbeidarar. Det er derfor få haldepunkt for å rekna med at utdanningsbakgrunn er ein substansiell prediktor for opplevd kompetanse og dedikasjon blant medarbeidarane i NAV.

Gitt antakinga om at sosialt arbeid er den mest relevante utdanningsbakgrunnen for aktiveringsarbeid, skulle ein forventa at dei skilde seg positivt ut med tanke på dei ønskverdige utfalla kompetanse og dedikasjon. Men potensielle konfliktar mellom sosialfaglege verdiar og aktiveringspolitiske verdiar kan forklara kvifor det ikkje vart funne forskjellar mellom sosialarbeidarane og kollegaer.

I eit forsøk på å kontekstualisera studien, viser resultata frå den første artikkelen i avhandlinga at NAV-leiarar oppfattar aktiveringspolitikken og implementeringspraksisen som mild, med få disiplinerande element, og med eit overordna formål om sosial inkludering. Dette kan seiast å vera i godt samsvar med verdigrunnlaget og kompetanserepertoaret i sosialt arbeid, kanskje meir enn noka anna utdanningsretning. Derfor kan ikkje forklaringa på kvifor sosialarbeidarar ikkje skilde seg signifikant frå kollegaer berre tilskrivast potensielle konfliktar mellom sosialfaglege verdiar og dei verdiane aktiveringspolitikken er tufta på.

I motsetning til utdanningsbakgrunn som i liten grad hadde samanheng med utfallsmåla i denne avhandlinga, viser artikkel 3 og 4 at det er relativt sterke assosiasjonar mellom arbeidsplassfaktorane arbeidsplasslæring og jobb krav og ressursar på den eine sida og sjølvopplevd kompetanse og dedikasjon på den andre. Kursing av tilsette på arbeidsplassen som ein type non-formell læringstype var klart assosiert med sjølvopplevd kompetanse i motsetning meir uformelle læringstypar som «skulder-til-skulder» læring. 
Vidare viste analysane at for høge arbeidskrav var negativt knytte til dedikasjon, medan kontroll og støtte på arbeidsplassen hadde ein positiv samanheng med dedikasjon.

Diskusjon

Overordna viser resultata i denne avhandlinga at trass i den sterke samanhengen mellom sosialt arbeids kompetanserepertoar og aktiveringsarbeid i Noreg er ikkje sosialarbeidarane substansielt ulike frå andre medarbeidar når det gjeld opplevd kompetanse og dedikasjon. 
Det ser snarare ut som at det er arbeidsplassfaktorar som forklarer variasjonen mellom medarbeidarane. 

I sum indikerer denne avhandlinga at fasilitering av fagleg kompetente  aktiveringsmedarbeidarar i liten grad er eit spørsmål om utdanningsbakgrunnen til medarbeidarar, men snarare korleis det kan leggjast til rette for læring og sosialisering gjennom arbeidsplassen. Ein teoretisk implikasjon av desse funna er at den yrkesmessige konteksten av aktiveringsarbeid bør utvidast til også å gjelda arbeidsplassfaktorar i forståinga av kvalifiserings- og sosialiseringsprosessar for aktiveringsarbeid.

Laster inn ...