Ho disputerer med med avhandlinga “Be present – en studie av barns møte med kunstinstallasjoner”.
Les meir om disputasen på den engelske nettsstaden.
Samandrag
Tittelen til avhandlinga, Be Present, viser til nærværet i møte med kunst, i produksjon av kunst og i møte med barn og kunst. Studien tek i bruk kunstinstallasjonen som kunstnarisk uttrykk for å sjå på kva som kan oppstå i dette møtet.
Denne kunstinstallasjonen er Be Extended, som er eit samarbeidsprosjekt med Anneke von der Fehr. I det ein installasjon både kan vere ei organisering av sjølve rommet, men også ei organisering av element i og i samspel med rommet, så vil installasjonen og omstenda rundt installasjonen skape moglegheiter for deltaking (Bishop, 2015;2016).
Møta mellom barn og kunstinstallasjonen har bidrege til utviklinga av kunstprosjektet Be Extended. Den berande tanken i kunstprosjektet har vore å skape objekt utan gitte bruksfunksjonar, som kan opna opp for ei utforskande samhandling mellom barnet og objektet og som kan gi nye erkjenningar og opplevingar av nærvær.
Barns møte med Be Extended viser at møte med open kunstnarisk form kan gi barn ein mogleg inngang til å oppleve verket på eigne premissar. Kunstprosjektet har utvikla seg gjennom utprøving av materiale, form og rom, og i kontinuerlege møte mellom barn og verk som har hatt innverknad på utviklinga av kunstprosjektet.
Kunstbasert forsking handlar om å setje ord på eigen kunstnarisk praksis så vel som å skape og utøve kunst (Eisner, 2007; Bresler, 2008; Hovik, 2012; van Manen 2014). Ettersom forskaren både forskar i kunsten, i det han blir forma og blir til, og på kunsten, i det barn møter kunstprosjektet, så kan forskinga bidra til ein kunnskap om og ei forståing av kva barn opplever når dei er i interaksjon med Be Extended.
I dette doktorgradsarbeidet har forskaren fått utforska korleis barn og kunstnarar har nokon felles måtar å leike og utforske på. Det handlar både om den skapande prosessen, om interaksjon med materiale, og om nærværet i leike-/skapingsprosessen. Denne leikenheita og utforskinga ser ut til å ha fellestrekk når det gjeld medvitet i val av materiale og evna til å trekkje inn det som finst i den omgåande nærleiken og som kan fylle behovet for å utvikle prosessen og leiken.
Eg finn at mange barn møter installasjonen med ei open kroppsleg haldning, som kjem til uttrykk ved at dei raskt inntek objekta, raskare går i møte med installasjonen, utforskar heilskapen, for så å gå inn på detaljar.
Mange vaksne er meir avventande, dei utforskar ein del av skulpturen, set seg kanskje på kanten av skulpturen. Derfor kan det sjå ut som om den vaksne kan halde igjen barnet i dets møte med installasjonen ved å fysisk halde handa til barnet fast, eller ved å gi språklege restriksjonar. Barnet på si side, kan vere ein inngang for vaksne til å oppleva installasjonen med heile kroppen, ved å følgje barnet i tilnærminga deira til installasjonen.
Dette handlar i stor grad om den evna barn har til å vere til stades her og no i leiken og i nærværet, som også gir dei ein uvilkårleg måte å møte kunst på.