English version

Disputas: Ann Helen Torstveit

Ann Helen Torstveit forsvarer avhandlinga si for doktorgrada i helsevitskap.

Prøveforelesing: Kvifor og korleis bør eldre inkluderast i klinisk forsking – utfordringar og moglegheiter. 

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er professor Jonas Debesay, OsloMet.

Rettleiarar:

Samandrag av avhandlinga

Tittel på avhandlinga: "Physical function in older oncology patients at initiation of, during and following chemotherapy."

God vidareføring av fysisk funksjon (FF) ved oppstart av, gjennom behandling med og etter kjemoterapi er svært viktig for eldre menneske med kreft. Fysiske avgrensingar er assosierte med redusert livskvalitet, auka symptombyrde, og død.

I tillegg kan det redusere eldre menneske si moglegheit til å utføre daglegdagse aktivitetar og å vere uavhengige. Fordi insidensen av krefttilfelle blant eldre menneske aukar er det behov for detaljert kunnskap om korleis kreftdiagnose og kreftbehandling kan påverke dei eldre pasientane sin FF.

Mål

Det overordna målet i denne longitudinelle studien i eit utval eldre pasientar med kreft som vart følgd frå oppstart av kjemoterapi og deretter i tolv månader, var å evaluere samanhengen mellom to ulike målemetodar for FF, nemleg sjølvrapporterte skjema og objektive testar.

I tillegg ønskte me å vurdere forskjellar i FF mellom to grupper eldre menneske, bestemme korleis sjølvrapportert og objektivt målt FF forandra seg over tid, og vurdere kva for nokre demografiske, kliniske og behandlingskarakteristikkar som var assosierte med interindividuelle forskjellar av FF ved oppstart, gjennom og etter behandling med kjemoterapi.

Metode

To utval med eldre kreftpasientar vart inkluderte i denne avhandlinga.

I den første artikkelen vart FF vurdert hos 139 eldre pasientar med kreft før oppstart av kjemoterapi ved hjelp av måleinstrumentet «European Organization for Research and Treatment of Cancer Core Quality -of Life Questionnaire» (QLQ-C30) Fysisk Funksjon (FF) og Rolle Funksjon (RF), og dessutan det objektivt målte instrumentet «the Short Physical Performance Battery» (SPPB), balansetest, gangtest og stoltest.

Data vart analysert ved bruk av parametriske og ikkje-parametriske testar. I artikkel to og tre vart FF vurderte med QLQ-C30 FF og RF (artikkel to) og dessutan SPPB balansetest, gangtest og stoltest (artikkel tre) ved oppstart av kjemoterapi og deretter ein, tre, seks, ni og tolv månader etter oppstart hos eit utval eldre pasientar.

Hierarkiske lineær modellering med full maksimum sannsyn estimat vart brukt for å identifisere interindividuelle forandringar i FF ved oppstart av kjemoterapi og over tid. I tillegg til korleis desse forandringane var assosierte med demografiske, kliniske karakteristikkar, og dessutan symptom, FF og kognitiv funksjon.

Resultat

I artikkel ein inkluderte me 139 pasientar der 49,6 prosent var yngre eldre (YE) med ein gjennomsnittsalder på 65,6 år, og 50,4 prosent var eldre eldre (EE) med ein gjennomsnittsalder på 75,3 år.

Bortsett frå arbeidsstatus og talet på tilfelle av høgt blodtrykk, så vart det ikkje funne forskjellar i demografiske, kliniske karakteristikkar, heller ikkje i sjølvrapportert og objektivt målt FF mellom dei to gruppene.

Derimot, når me samanlikna dei to gruppene med normalbefolkninga i same aldersgruppe, så hadde kreftpasientane signifikant dårlegare skår i begge gruppene. Korrelasjonane mellom sjølvrapportert og objektivt målte målingar av FF var låg.

I artikkel to og tre, inkluderte me 112 eldre pasientar med ein gjennomsnittsalder på 70,4 år. Me fann stort interindividual variabilitet over tid i både sjølvrapportert og objektivt målt FF. I tillegg fann me multiple karakteristikkar som var assosierte med redusert sjølvrapportert og objektivt målt FF.

Karakteristikkar som var assosierte med redusert sjølvrapportert FF var, meir komorbiditet, meir depresjon, smerte, dyspne, og fatigue, lågare funksjonsnivå, lågare nivå av kognitiv funksjon, og ikkje kirurgi i forkant av kjemoterapi. Ved objektivt målt FF fann me at lågare utdanningsnivå, høgare alder, lågare funksjonsnivå, lågare kognitiv funksjon, og høgare kroppsmasse-indeks var assosiert med redusert funksjon.

Konklusjon

Samanlikna med normalbefolkninga så opplever eldre pasientar med kreft redusert FF ved oppstart av kjemoterapi.

Dette funnet kan antyde at helsepersonell i klinikk må måle både sjølvrapportert og objektivt målt FF, og vurdere ulike karakteristikkar assosierte med redusert FF hos eldre pasientar med kreft.

Vidare bør sjukepleiarar evaluere for modifiserbare og ikkje-modifiserbare faktorar når det er målt redusert FF. I tillegg er det viktig å implementere intervensjonar og vise til passande støttefunksjonar for å bevare og forbetre FF hos eldre pasientar med kreft.