Disputas: Vyda Mamley Bjørvik

Vyda Mamley Bjørvik disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk.

Vyda Mamley Bjørvik disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Innvandrarhelsearbeidarar i norsk eldreomsorg: Roller og erfaringar i likestillingslandet."

Komiten består av:

Rettleiarar er: 

Prøveforelesing og disputas blir leia av prodekan Ivan Harsløf, Fakultet for samfunnsvitskap.

Samandrag

Denne avhandlinga rettar søkjelyset mot innvandrarar som arbeider som 'ufaglært' pleiepersonell i eldreomsorga i Noreg. Gjennom ein etnografisk studie blir deira erfaringar og rolleforståingar som tilsette i både institusjonsbaserte og heimebaserte tenester utforska. Studien fokuserer på praksis i skjæringspunktet mellom to politiske felt: helsepolitikk som skal sikre kvalitet i eldreomsorga, og integreringspolitikk som skal bidra til inkludering av innvandrarar i arbeidsmarknaden.

Dei teoretiske perspektiva er henta frå tilnærmingar til arbeid og yrke (Abbott 1998; Hughes 1971, 1994), kompleksitetsteori (Heylighen et al. 2007, Kernick 2002) og teoriar om interseksjonalitet (Collins 1998, Crenshaw 1991). For å oppnå ein meir djupgåande analyse av deltakarane sine erfaringar slik dei blei fortalde, blir også Douglas’ (1966) omgrep «dirt» eller urenheit og det lignande omgrepet «dirty work» (Hughes 1956, Dahle 2018 o.a.) brukt.

Analysen av deltakarane sine erfaringar belyser eit knippe sentrale tema: kulturelle dilemma i arbeidet, avgrensa karrieremobilitet, ei oppleving av manglande anerkjenning for arbeidet, strukturell diskriminering, og oversette behov for adekvat opplæring. Deltakarane sine opplevingar blir ramma inn av det dei ser som ei tilsvarande manglande anerkjenning av eldre sin posisjon i samfunnet generelt og særleg av ein politisk diskurs der eldre som mottar omsorgstenester blir gitt låg verdi.

'Ufaglært' pleiepersonell inngår i eit etablert og byråkratisk regulert arbeidsmiljø, der dei må finne sin plass i hierarkiet (Seeberg 2012, Vike 2017). Slik sett indikerer studien ei systematisk mangel på prioritering av og fokus på korleis denne langt på veg usynleggjorte yrkesgruppa dekkjer viktige arbeidsoppgåver i norsk eldreomsorg. Dette får direkte konsekvensar for arbeidsvilkåra til dei 'ufaglærte' innvandrarane, og kan indirekte også gå ut over kvaliteten på tenestene slik dei utspelar seg i deira kvardagar.