Det norske samfunnet har dei siste 20 åra opplevde ein utdanningseksplosjon. Men ikkje alle har vore ein del av den. I særleg grad gjeld dette elevar med funksjonsnedsettingar eller kronisk sjukdom.
Ny forsking på feltet avdekker at vi står langt unna å oppnå målsettinga om eit rettferdig og inkluderande utdanningssystem. Presentasjonen vår beskriv situasjonen for fleire ulike grupper, men vil ha eit særleg fokus på erfaringane til foreldre som har barn med ADHD.
På dette seminaret stiller vi spørsmålet: Kva kan vi gjere for å tette utdanningsgapet for elevar med funksjonsnedsettingar og kroniske sjukdommar?
Opplegget for seminaret er som følgjande:
Forskingsleiar ved seksjon for Helse- og velferdsforsking, Janikke Solstad Vedeler vil ønske velkommen og blant anna orientere om den nye satsinga ved SVA – «Inkluderingsbarometeret».
NOVA-forskarane Jon Erik Finnvold og Therese Dokken vil så presentere nye funn på området ved å svare ut følgjande spørsmål:
- Utdanningsgapet: Kor stort er det, og har det blitt mindre over tid?
- Korleis går det i skolen med barn med ADHD?
- I kva grad kan låg skoletrivsel knytast til ein segregerande undervisningspraksis?
Det blir så panelsamtale med nokre sentrale aktørar på feltet mellom anna Maren Hagen Fuglesang (Unge funksjonshemmede), Nina Holmen (ADHD Norge) og Eli Knøsen frå Likestillings- og diskrimineringsombodet. Fleire paneldeltakarar vil bli lagt til.
Idunn Seland, førsteamanuensis ved skoleleiarutdanninga ved OsloMet er ordstyrar.
Vi avsluttar med å opne for spørsmål og svar i frå salen.
PS! Dørene åpnes kl. 0830 og vi serverer noe å drikke & bite i.
Arrangør: Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) ved OsloMet
Vel møtt!
Foto: colourbox.no