Disputas: Erik Aasland

Erik Aasland disputerer for ph.d.-graden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Tittel på avhandlinga er "Konstitueringen av 'kroppsøving'. En diskursteoretisk studie av undervisningspraksiser i videregående skole." 

Prøveforelesing fredag 5. april kl. 10.00.

Tema for prøveforelesinga: "Hvordan kan kroppsøvingslæreren bidra til elevenes læring i samsvar med gjeldende planverk?"

Disputas fredag 5. april kl.12.00.

Vurderingskomiteen består av:

Hovudveiledar er professor Gunn Helene Engelsrud, Norges idrettshøyskole. Biveiledar er professor Kristin Walseth, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet.

Disputasleiar er prodekan for forsking og utvikling Halla Holmarsdottir ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Samandrag

I denne artikkelbaserte avhandlinga undersøker eg korleis kroppsøving blir konstituert i undervisningspraksis. Gjennom å undersøke korleis undervisningspraksis går føre seg, er ambisjonen å få fram korleis praksisen blir til og blir gjenkjend som kroppsøving. 

Eg nyttar diskursteori inspirert av Michel Foucault i produksjon og analyse av det empiriske materialet. Det empiriske materialet er produsert gjennom eit etnografisk inspirert feltarbeid ved fire vidaregåande skolar i Oslo, der eg følgde åtte lærarars undervising. Eg observerte 92 undervisingsøkter og intervjua dei respektive lærarane som deltok i studien.

I artikkel 1 får vi fram at «høg aktivitet» – i form av treningsaktivitetar med høg intensitet – skiftar verdi i undervisingspraksisen. Hovudsakleg framtrer det å halde eit høgt aktivitetsnivå som fordelaktig (positivt) for elevars fysiske form og helse. 

Men i nokre situasjonar skiftar den intensive treningsaktiviteten verdi og blir brukt som straff (noko negativt). Vi argumenterer for at lærarar trekker på ulike diskursar, og at det er dette som får fram ein slik paradoksal bruk av treningsaktivitet («høg aktivitet») i undervisingspraksis.

Artikkel 2 undersøker korleis «innsats» blir konstituert i undervisingspraksis. Her er hovudfunnet at «innsats» er noko som er synleg for læraren. Å legge fram god «innsats» vil seie at (i) elevane jobbar hardt slik at dei sveittar, (ii) at dei forbetrar dei fysiske eigenskapane sine, og (iii) at dei viser positiv haldning til læringsaktiviteten og bidreg til å gjera andre gode. 

Vi tek opp til diskusjon kva det kan bety for undervising og læring i faget at innsats berre blir forstått som noko læraren kan sjå. 

I artikkel 3 undersøker vi korleis den «dyktige» og «mindre dyktige» elev blir konstituert i undervisingspraksis. For å falle inn under kategorien «den dyktige eleven» må eleven vere i god fysisk form og ha gode ferdigheiter i ballspel. 

I tillegg vil jenter som legg fram eigenskapar som å vere konkurranseinnstilte, fryktlaus og tøffe, få høg utteljing i elevvurderinga. Funna våre viser at «den dyktige eleven» er ein relativt statisk og fastlåst kategori, og at vurderingspraksisen til læraren når det gjeld dyktigheit, ikkje speglar det som blir gjort i undervisinga.

Læraren vurderer idrettslege ferdigheiter utover det ein kan forvente at elevane kan tileigna seg i kroppsøvingstimane, noko som betyr at elevar som ikkje har bakgrunn frå idretten (og då særleg ballspel), eller som ikkje trenar mykje på fritida, i praksis er fråteke moglegheita til å kunna oppnå dei høgaste karakterane i faget. Vi set også spørsmålsteikn ved ein vurderingspraksis som favoriserer det som tradisjonelt sett har vore oppfatta som maskuline eigenskapar. 

Det teoretiske grepet til avhandlinga gir eit utgangpunkt for å føre kritiske diskusjonar om hensikta, funksjonen og utøvinga til kroppsøvingsfaget. Funna kan brukast for å synleggjere og problematisere korleis (dominerande) diskursar får fram bestemde tenkemåtar og praksisar som står fram som «normale» og fornuftige i kroppsøving, medan noko anna kjem i bakgrunnen og blir marginalisert. 

I samband med dette vil det å synleggjere korleis dei historiske tenkemåtane, tradisjonane og praksisane til faget held fram med å vere til stades i undervisingspraksisane til notida, kunne bidra til diskusjonar og kritiske refleksjonar om korleis og kvifor undervising i kroppsøving går føre seg slik han gjer.