20. november er FN sin internasjonal barnedag. Det er no over 30 år sidan barnekonvensjonen vart vedteken, og det er framleis viktig å arbeide for barns rettar.
I løpet av det siste tiåret har vi vore vitne til store omveltingar og utfordringar knytt til klima, migrasjon, pandemi og eit Europa i krig.
Ved utgangen av 2023 var det om lag 120 millionar menneske i verda på flukt. Halvparten av desse er barn. Å arbeide for barns beste i ei foranderleg verd krev noko av alle.
OMEP er verdsorganisasjonen for små barns oppvekst og danning. Vi i OMEP Noreg ønsker å løfte fram temaet barn med erfaringar frå flukt som eit særleg område for verksemda vår. Vi inviterer derfor til frukostmøte i samarbeid med Dronning Mauds Minne høgskole for barnehagelærerutdanning (DMMH) og OsloMet.
Frist for påmelding er 12. november.
Program
Velkommen ved Geir Aaserud, leiar av OMEP Norge og studieleiar ved OsloMet.
Panelsamtale om kva kompetanse det er behov for i barnehage og i utdanning om barn og familiar på flukt.
Panelet blir leidd av Sahaya Kaithampillai og består av John Håkon Schultz, Oksana Martynenko, Mohamad Alkhatib, Emad Al-Rozzi og Marit Heldal.
- Sahaya Kaithampillai har jobba som pedagogisk leiar i Dynekilen barnehage i Oslo i 18 år og har også vore flyktningspedagog i mange år. Sahaya er initiativtakar og prosjektleiar for «Hvor er mine brødre?», som har som mål å få fleire fleirkulturelle menn til å velje omsorgsyrke retta mot barn og unge. Han skriv også masteroppgåve ved OsloMet om same tema.
- Jon-Håkon Schultz er professor ved NAFO, OsloMet og ved UiT Noregs arktiske universitet. Hans forskingsarbeid omfattar barn og unge som er utsett for traumatiske hendingar, og korleis vi i barnehage og skole kan gi best mogleg hjelp i etterkant av kriser og traume.
- Oksana Martynenko kom til Noreg som flyktning i mars 2022, kort tid etter at krigen i Ukraina braut ut. Oksana og dei fire barna hennar var blant dei som måtte flykte frå kamphandlingane i heimbyen sin Tsjernihiv, som ligg berre ti mil frå grensa til Russland. Oksana er utdanna grunnskole- og kunstlærar, ho jobbar no som kunstlærar ved Eidsvoll kulturskole.
- Mohamad Alkhatib kjem frå Palestina og er fødd og oppvekst i Syria. Mohamad har vore i Noreg sidan 2014. Han har studert barnehagelærarutdanning ved OsloMet. Han har tidlegare jobba i Dynekilen barnehage i Oslo. No bur Mohamad i Larvik og jobbar som vikar i ein barnehage der. Han studerer i tillegg økonomi og leiing ved Universitetet i Søraust-Noreg.
- Emad Al-Rozzi er fødd som flyktning i flyktningleir i Gaza. Han har jobba mange i år med traumatiserte barn, og i Noreg har inkludering av flyktningbarn og opplevinga deira i asylmottak og lokalmiljøet vore fagleg fokus.
- Marit Heldal er førstelektor i pedagogikk ved DMMH. Sidan hausten 2016 har ho jobba med tematikken barn på flukt. Frå 2017 til 2020 var ho involvert i drifta av Mikros Dounias – ein barnehage i ein flyktningleir på den greske øya Lesbos. Sidan 2020 har Marit samarbeidd med kollegaer i Hellas og Tyrkia om ulike intrakulturelle prosjekt knytt til tematikkar om barn og flukt.
Illustrasjonsfoto: Knut Bry.