To hender som broderer.

Kunst- og handverkskonferansen 2025

Konferansen er retta mot lærarar, skoleleiarar og deg som jobbar med kunst og kultur i opplæring og formidling.

Tema for årets konferanse er "Det taktile perspektivet i ein teoritung skole".

Dagen byr på foredrag som: "Stortingsmelding 34 si betydninga for faga våre", ved Petter William Hansen og "Læraren som munter forskar i ein teoritung skole ?", ved Henrik Holm.

Irene Brodshaug, fagkonsulent i praktiske og estetiske fag i Utdanningsetaten, vil leie ei panelsamtale om faga våre i eit utdanningspolitisk klima.  

Det vil vere mogleg å delta på praktiske workshops, blant anna vil Gitte Skjønneberg halde workshopen: "Taktile møter i Kunst og handverk - møte mellom student, lærar og broderi".

Enkel servering og lunsj er inkludert i konferanseprisen. 

Vi ser fram til ein fagleg og inspirerande dag saman.  

Vel møtt! 

Meir info om programmet kjem i februar. 

Konferanseavgift: 1250 kroner. Påmeldingsfrist: 7. mars.