LUI-Lab: Kunnskapsorienterte læreplanar og ein meir praktisk skole

Er det behov for meir kunnskapsorienterte læreplanar for grunnskolen og ein meir praktisk skole? Bli med når vi tar samtala.

Gjennom ein kronikk i Klassekampen i oktober 2024 starta forskingsgruppa Tekst og fagdidaktikk på fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar ein debatt om behovet for nye læreplanar.

Debatten starta med ein sterk kritikk av dei kompetansemålbasert læreplanane som blei innførte med Kunnskapsløftet i 2006 og vidareførte med LK20, og koplinga mellom disse og målstyringslogikken som har prega styringa av den norske skolen dei siste tjue åra.

Debatten spreidde seg til fleire aviser og tidsskrift, den har blitt tatt opp i to rundar i Spørjetimen i Stortinget, og i februar blei det arrangert eit eige stortingsseminar om temaet. Også Kunnskapsministeren har dei siste månadene signalisert behov for læreplanar med eit tydelegare fagleg innhald.

No tar vi debatten ut av avisene og inn i det fysiske rommet. Her inviterer forskarane til å diskutere heilskapen i kritikken mot dagens læreplan og peike framover mot meir kunnskapsorienterte læreplanar og ein meir praktisk skole.

Det blir enkel servering!

Registrer deg, så veit vi kor mange som kjem og om det er behov for teiknspråktolk.

Program

Programmet består av korte innlegg og ei lengre samtale mellom panelet og deltakarane i salen.

1030-1120

1120-1130 Pause

1130-1230 Paneldebatt og spørsmål/kommentarar frå salen

Les kronikken som starta debatten (klassekampen.no)

Les om debatten på forskingsgruppa si blogg (uni.oslomet.no)

Laster inn ...

Om innleiarane

Knut Ove Æsøy er førsteamanuensis i pedagogisk filosofi ved OsloMet. Æsøy er utdanna filosof og lektor i samfunnsfag og har 6 års erfaring i barne- og ungdomsskule. Han har arbeidd breitt innanfor ulike tema knytt til profesjonaliteten til læraren, frå allmenndidaktikk og eigenomsorg til levande kunnskap og den pedagogisk filosofiske praksisen til læraren.

Kim Helsvig er skole- og utdanningshistorikar og professor på Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier på OsloMet. Han har m.a. skrive doktoravhandling om norsk pedagogikk og skolepolitikk (Pedagogikkens grenser) og Kunnskapsdepartementets historie (Reform og rutine). Han forskar for tida på styring og innhald i skolen etter det såkalla Pisa-sjokket.

Erik Ryen er statsvitar og dosent i samfunnsfagdidaktikk ved OsloMet. Han forskar blant anna på det norske samfunnsfaget, og er særleg interessert i korleis kunnskap, utdanning og demokrati blir forstått i utforminga av nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk.

Merethe Frøyland er professor i geodidaktikk og har leidd Naturfagsenteret sidan 2016. Forskinga hennar handlar mykje om å ta elevar med ut av klasserommet. Naturfagsenteret eit av 11 nasjonale sentrum i Noreg, tilhøyrer Matnat-fakultetet ved Universitetet i Oslo. 

Berit Karseth er professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo og har i ei årrekke arbeidd med utdanningsreformer og læreplanspørsmål i grunnutdanning og høgare utdanning. Ho er involvert i eit større evalueringsprosjekt av fagfornyinga (EVA2020) ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet finansiert av Utdanningsdirektoratet (2019-2025).

LUI-Lab

LUI-Lab er ein intern møteplass for å dele kompetanse, kunnskap og tankar om tema som spenner på tvers av fagområda på LUI og inspirere tilsette til engasjerande samtaler og diskusjonar. Denne gongen opnar vi opp for både tilsette ved OsloMet og andre interesserte.