!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Nordisk seminar om forsking på yrkesfag

Få innblikk i oppdaterte perspektiv frå forsking på yrkesfag og fag- og yrkesopplæring med Norden som kontekst. Det blir bidrag frå Sverige, Finland og Noreg.

Nordisk samarbeid om forsking på yrkesfag bidrar til felles forståing av utvikling, læring og kunnskap i fag- og yrkesopplæringa. Den nordiske modellen er vidare ei vesentleg forståingsramme for forsking på yrkesfag. 

Tema som blir belyste i seminaret vil vere simulering i yrkesopplæring, kritisk realisme og perspektiv på kompetanse og menneskeleg utvikling i yrkesopplæringa, vurdering og kvalitet i fag- og sveineprøver, og dessutan tidlege refleksjonar frå eit nystarta forskingsprosjekt om opplæring av helsefagarbeidarar. 

Målgruppa for seminaret er forskarar, studentar og andre interesserte. 

Meld deg på innan 11. desember. 

Program

Seminaret blir leidd av Hedvig Skonhoft Johannesen, Institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet.

Meir om bidragsytarane:

Laster inn ...

Seminaret blir arrangert av forskingsgruppa Livslang læring og Senter for kunnskap om yrkesfag, Institutt for yrkesfaglærarutdanning, OsloMet.

Velkommen!

Kontaktperson

Laster inn ...