Spelkveld i biblioteket

Bli med på ein spelkveld med eit brettspel som ein OsloMet-student har laga!

Spelet "I quit" handlar om personleg økonomi og er laga av Knut Erik Raanæs. Han tar ein bachelor i økonomi og administrasjon ved OsloMet og har laga brettspelet for å gjere informasjon om personleg økonomi lettare tilgjengeleg. 

Brettspelet er for 1–4 spelarar og vinnaren er den som blir økonomisk uavhengig først. Korta har også litt humor i seg for å krydre spelet.

Introduksjonsvideo til spelet (weebly.com).

Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket i samarbeid med Raanæs.

Kom aleine eller med andre. Ingen forkunnskapar krevst, her samlast vi for å ha det gøy! Velkommen!