Stegvis deduktiv induksjon utgjer eit konstruktivt alternativ til databasert teoriutvikling (grounded theory) og har som mål å utvikle konsept, modellar eller teoriar gjennom ein gradvis og systematisk prosess.
Metoden har den faglege forankringa si i sosiologien, men vil vere nyttig for alle som jobbar med kvalitativ analyse innan eksempelvis samfunnsvitskap, helsefag og teknologiske emne.
Om seminaret
Innlegget vil vere todelt. I første time vil Tjora gjere greie for SDIs prinsipp, knytt til kodegruppering, konseptutvikling, teoretisering og abduksjon.
I andre time vil han vise korleis SDI blir gjord i praksis. Det blir ein pause midtvegs, slik at det er mogleg å følgje berre éin av delane.
Om innleggshaldaren
Aksel Tjora er professor i sosiologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og leiar av arbeidsfellesskapet Sosiologisk Poliklinikk i Trondheim. Han har jobba mykje med utvikling av kvalitative forskingsmetodar og er blant anna forfattar av boka «Viten skapt: Kvalitativ analyse og teoretisering ved stegvis- deduktiv induksjon» (cappelendamm.no).