I 2015 lanserte FN 17 berekraftsmål (fn.no). Med profesjonsutdanningar, praksisnær forsking, innovasjonsutvikling og program for livslang læring har OsloMet gode føresetnader for å bidra til eit meir berekraftig samfunn regionalt, nasjonalt og globalt.
Alt vi gjer, inkludert drift, formidling og studentmedverknad, skal støtte arbeidet for ei meir berekraftig samfunnsutvikling.
OsloMets arbeid med berekraft er tydeleg forankra i universitetet sin strategi, der vi forpliktar oss til å:
- sikre at studentane våre oppnår profesjonsrelevant kompetanse om berekraftig utvikling, og korleis dei kan bidra til løysingar
- utvikle forsking med høg kvalitet om korleis samfunnet skal handtere klima- og miljøøydeleggingar, og spesielt korleis dette heng saman med økonomiske og sosiale forhold
- utvikle samarbeid regionalt, nasjonalt og internasjonalt med relevans for klima, miljø, og berekraftig utvikling
- redusere universitetets belastning på klima og miljø
Les meir:
- Vesentlegheitsanalyse av berekraftsarbeidet ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)
- Utdanning med berekraftsperspektiv
- Forsking på berekraft
- Grønt OsloMet