Bak overskriftene

Korleis kan ein kritisk vurdera helsepåstandar?

Bak overskriftene er eit tverrfagleg undervisnings- og forskingsprosjekt ved Fakultet for helsevitskap. Målet er å heva kompetansen til studentane på OsloMet i å vurdera helsepåstandar kritisk.

Som ein del av prosjektet utviklar me undervisningsressursar, initierer forskingsprosjekt og leier eit nettverk for dei som underviser i kritisk tenking.

Sjølv om Bak overskriftene hovudsakleg rettar seg mot studentar ved OsloMet, kan undervisningsressursane våre også blir brukt i grunnskule og vidaregåande opplæring.

Dagleg møter me ulike helsepåstandar om kva som kan gjera oss friskare, sjukare eller hindra oss frå å bli sjuke. Råd om kva som verkar blir gitt i sosiale medium, i reklame og i tradisjonelle medium, men også av familie og venner. Påstandar om at "Kaffe fører til kreft", "Å eige ein hund gjer deg mindre deprimert" eller at "Vitamin-C førebyggjer forkjøling" er døme på dette.

Mange har ikkje nok kunnskap til å vurdera om slike påstandar er pålitelege. Konsekvensane kan vera at ein lyttar til råd som kan vera skadelege og at ein ikkje tek i bruk behandlingsformer som er beviste nyttige. Dette kan igjen føra til unødvendig liding og bortkasta ressursar.
 

Meir om Bak overskriftene

Bak overskriftene byggjer på det internasjonale rammeverket som prosjektet Informed Health Choices (IHC) (Informedhealthchoices.org) har utvikla.

Rammeverket består av nøkkelkonsept som hjelper oss i å vurdera påstandar, kjenna igjen påliteleg forsking og ta velinformerte val.

I Noreg skal helse- og velferdstenestene jobba etter prinsippa som ligg til grunn for kunnskapsbasert praksis (helsebiblioteket.no).

For at tenesta skal vera kunnskapsbasert skal forsking av god kvalitet leggjast til grunn. Ved OsloMet får alle bachelorstudentar ved Fakultet for helsevitskap opplæring i kunnskapsbasert praksis, som er eit eige emne. 

I emnet får studentane også opplæring i å knusa mytar og avsløra upålitelege helsepåstandar sett fram i media, sosiale medium og i andre delar av samfunnet.

Blogg (bakoverskriftene.oslomet.no)

Læringsressursar for kritisk tenking (bakoverskriftene.oslomet.no).

Arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa er tverrfagleg og medlemmene har bakgrunn frå helsetenesteforsking, forskingsmetodikk, journalistikk, teknologi og bibliotek- og informasjonsfag.

Prosjektleiar

Laster inn ...

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Vitskaplege publikasjonar

Nyheit frå Bak overskriftene

Slik unngår du å bli lurt av falske helsepåstandar

Fem enkle prinsipp kan gjere det lettare å tenkje kritisk om helsepåstandar.

Mor og datter ser på noe på mobilen sammen i en matbutikk.