Målgruppene for Anna Sethne-forelesinga er tilsette i akademia - særleg frå lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og internasjonalt, samarbeidspartnarane våre frå praksisfeltet og andre interesserte.
Om Anna Sethne
Anna Sethne (1872-1961) var lærar, rektor og fagforeiningsleiar. Ho var banebrytande for innføringa av nye pedagogiske metodar i den norske folkeskolen.
Sethne ønskte å frigjera dei skapande kreftene til barna ved å bygge på deira naturlege interesser, og ho var ei ivrig talskvinne for arbeidsskolen og aktivitetspedagogikken.
Reformpedagogikk er eit samleomgrep på ulike pedagogiske reformrørsler på 1900-talet som hadde til felles at dei var kritiske til målet og metodane til den tradisjonelle skolen. Reformpedagogikken innebar også ei sterk tru på utviklingsmoglegheitene og dei skapande evnene til barnet.
Anna Sethne blir rekna for å vera den som tok reformpedagogikken til Noreg. Ho dreiv reformpedagogiske eksperiment inspirert av John Dewey og Charlotte Bühler. Ho meinte at alle skolereformer skulle bygge på vitskaplege forskingsresultat.
Sethne si posisjon vart ytterlegare styrkt gjennom fagpolitisk arbeid. Ho var med og stifta Noregs Lærerinneforbund og arbeidde hardt for likestilling mellom mannlege og kvinnelege lærarar i norsk skole.
Anne Sethne vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for framifrå innsats for utviklinga til den norske folkeskolen».
Anna Sethne var svært viktig for den skolepolitiske utviklinga i Noreg gjennom sin fagleg funderte sentrale skulepolitiske posisjon i Arbeidarpartiet.
Hovudbygningen til Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, Pilestredet 42 ber namnet Anna Sethnes hus.
Les meir om Anna Sethne:
- Anna Sethne: lærerinnen som styrte ved Sagene skole og endevendte norsk skoletankegang – artikkel fra Vårt Oslo (vartoslo.no).
- Anna Sethne - “skolemoderen” som erstattet pugging med lærelyst - artikkel i A-magasinet, Aftenposten (aftenposten.no).
Neste Anna Sethne-forelesing
Tidlegare forelesingar
Anna Sethne-forelesinga 2024: Lene Tanggaard
Lene Tanggaard: Der er brug for en langsom, ’svag’ og bæredygtig pædagogik
Sjå opptak av forelesinga under.
Anna Sethne-forelesinga 2023: Nancy Fraser
Nancy Fraser: Crisis of Care, Crisis of Climate – Crisis of Cannibal Capitalism
Sjå opptak av forelesinga under.
Anna Sethne-forelesinga 2022: Richard Sennett
Richard Sennett: The Open City
Sjå opptak av det digitale arrangementet under.
- Les omtale i studentavisa Journalen: Starter ny tradisjon ved OsloMet (journalen.oslomet.no).