OsloMet-logo på gul og svart fasade

15 millionar til nytt samarbeidsprosjekt om psykisk helse

OsloMet skal samarbeide med Folkehelseinstituttet og norske kommunar for å fremme inkludering og redusere utanforskap og psykisk uhelse blant barn og unge.

– Ei av dei mest presserande utfordringane norske kommunar står framfor er at psykiske problem blant unge har auka dei siste åra, seier OsloMet-forskar Andreea Alecu, som skal leie ei av delstudiane i prosjektet som no har fått 15 millionar frå Forskingsrådet. 

Janikke Solstad Vedeler frå NOVA ved OsloMet har ansvar for ei av dei andre delstudiane. 

Saman med Folkehelseinstituttet og kommunane Oslo, Bergen, Tønsberg, Bø og Bjørnafjorden skal forskarane frå OsloMet bidra til å vidareutvikle tilbodet Ung Arena. Prosjektet startar opp i april i år og varer i fire år.

– I dette prosjektet skal forskarane bidra direkte til at kommunane kan utvikle betre tenester for barn og unge innanfor eit svært viktig område. Dette passer godt inn i OsloMets satsing på forskingssamarbeid med kommunane og barn- og ungesatsinga på OsloMet, seier Tanja Storsul, prorektor for FoU på OsloMet. 

Lågterskeltilbod for unge

Ung Arena er eit gratis lågterskeltilbod der unge mellom 12 og 25 år får støtte, rettleiing og hjelp til å handtere ulike sosiale og psykiske utfordringar. 

Erfaringar frå brukarar og tilsette ved Ung Arena-sentre i Noreg, og tidlegare evalueringar av tilsvarande tiltak i andre land, tyder på at slike lågterskeltilbod er nyttige for denne målgruppa.

Formålet med prosjektet er å styrke kunnskapsgrunnlaget om kva element ved Ung Arena som fungerer. Dette skal bidra til å hjelpe kommunane når dei skal sette i verk  berekraftige og kostnadseffektive lågterskeltilbod til ungdom med psykiske og sosiale problem.

Skal gi tips og råd til kommunane

Janikke Solstad Vedeler skal leie arbeidet med å evaluere korleis Ung Arena fungerer lokalt, for å fremme psykisk helse og sosial fungering blant unge. 

Gruppa ho leier skal mellom anna undersøke korleis ungdom som bruker tenesta opplever Ung Arena. 

I samarbeid med Ung Arena-nettverket skal dei også etablere ein nettportal med materiell, råd og tips til kommunar som ønsker drahjelp i etableringa av liknande tilbod i sin kommune.

Ser på langtidseffektar av tilbodet

Alecu er ansvarleg for den delen av prosjektet som skal sjå på langtidseffektar og gjere analyser av kva nytte og kostnader tilbodet har for samfunnet på lang sikt. 

Psykiske problem påfører samfunnet store kostnader, både i form av tapte dagar i utdanning og arbeid, og til auka velferdsutgifter. 

I delprosjektet skal forskarane bruke registerdata om utdanning, arbeid og helse for å analysere kva effektar tilbodet har, for eksempel når det gjeld å fullføre utdanning.

Prosjektet har fått støtte gjennom Forskingsrådsutlysinga Forskning og innovasjon for å styrke bærekraften i kommunale helse- og omsorgstjenester (forskningsradet.no) og er leia av Folkehelseinstituttet.  

Publisert: 10.01.2025 | Åshild Losnegard