Sør-Odal kommune vil at tettstaden Skarnes skal fremje god helse, og bli meir inkluderande og attraktiv.
Gjennom god planlegging av fellesareal i sentrum, skal eit prosjekt medverke til å auke aktiviteten i befolkninga ved å stimulere til meir sykling og gonge, og redusere sosial utanforskap gjennom rett lokalisering av sosiale møteplassar.
Ein meir fotgjengarvennleg tettstad
Kommunen planlegg utbygging av mellom anna eldrebustader og einebustader for familiar, og då vil dei også leggje til rette for ein overgang frå ein veldig bilorientert til ein meir fotgjengarvennleg tettstad.
For å visualisere moglegheitene inviterte kommunen fagmiljøet i urban analyse og smart mobilitet på OsloMet, for å få opp interessante scenario for korleis dette kan løysast.
Scenarioa skulle også stress-testast for store belastningar, til dømes når det gjeld trafikk.
– Fordi vi er byplanleggjarar, arkitektar og geografar, utgjer vi eit tverrfagleg team som kan medverke og hjelpe til med å løyse problem i lokalsamfunnet, fortel professor Claudia Hedwig van der Laag ved OsloMet.
Samspelet mellom gater og arealbruk påverkar folkehelsa
Målet var å sjå på samanhengen mellom folkehelse, bruk av gater og veg, og arealbruk elles, og korleis ein kan skape omgivnader som stimulerer til auka aktivitet og inkludering.
– Saman med GIS-ansvarleg Kay Henning Kleverud frå Sør-Odal kommune, organiserte vi ein workshop for 21 deltakarar frå ni kommunar, der vi skisserte visjonar, idear, fasilitetar og gatenett for korleis Skarnes kan utvikle seg.
– Så modellerte vi ideane deira med dataverktøy, og såg korleis desse scenarioa kunne fungere i byrommet, sosialt og økonomisk, slik at vi kunne stressteste dei.
Romleg syntaks verkar inn på menneskeleg åtferd
– Kva slags verktøy brukte de?
– Vi brukte det vi kallar ei romleg syntaks-tilnærming, eller vi kan også kalle det ein sosial, romleg og sosioøkonomisk, analytisk teknikk for matematisk modellering av gatenettverk.
Romleg syntaks er ei teoretisk og metodologisk tilnærming innan arkitektur, byplanlegging og urbane studiar, som set søkjelys på forståinga av romlege mønster og innverknaden deira på menneskeleg åtferd, sosiale interaksjonar og økonomisk aktivitet.
Romleg syntaks blir brukt til å studere til dømes måten tettstader sin layout påverkar fotgjengarrørsle, trafikkflyt og sosial interaksjon.
Sensorar gjev datagrunnlag
Bruk av sensorteknologi kan gje eit godt datagrunnlag. Sensorar som registrer til dømes trafikkmengder, kan gje eit røyndomsbilete av korleis areala blir nytta i dag.
– Og dette dreiar seg altså om å gje plass til menneske, slik at dei kan vera aktive og gjere ulike ting i tettstaden Skarnes?
– Ja, og det blir gjort for å få ein ide om kva som er potensialet, til dømes for fotgjengarrørsle, og korleis ein kan navigere og orientere seg gjennom tettstaden som eit urbant system, og korleis morfologien, eller forma og strukturen, til dette kan vere.
Det skal bli enklare å bevege seg
– Vi legg vekt på at måten ein utviklar byen på, kan skape ein samanhengande heilskap, for at folk enkelt skal kunne bevege seg, navigere lett til fots, og at det skal vera fotgjengarvennleg, og at dei også skal kunna sykle.
Viktige problemstillingar var å sikre trygg skuleveg, medverke til mindre køyring av born til skulen, stimulere til sykling eller kollektiv trafikk, redusere sosial utanforskap med universell utforming av møteplassar, mindre motorisert ferdsel, og tilrettelegging for eldre.
Tryggleik og god framkomst
Deltakarane i workshopen si største bekymring var tryggleik, og korleis kan folk kan gå trygt både dag og natt.
Ei av dei store utfordringane Skarnes har, er at det er veldig bilorientert, det skjer av og til ulykker, og ofte er det vanskeleg for fotgjengarane å krysse store gater.
– Eg trur ei av utfordringane er elva i midten, og at tettstaden er delt i to, og sambandet til mange bustader er knytt til ei bilbru og ei gangbru.
Raske analysar av ulike scenario
– Eg opplevde at analysen var interessant for deltakarane i workshopen, og at dei var veldig overraska over kor raskt vi var i stand til å vurdere korleis løysingane fungerte i scenarioa.
– Dei hadde allereie ein ferdig masterplan for korleis dei ønskjer å utvikla seg i framtida, men dei hadde framleis tankar om å gå utover denne, og utvikle ytterlegare scenario.
– Dei vart overraska og engasjerte over kor godt metoden vi tilbydde frå OsloMet fungerte, og kor enkelt ein kunne vurdere planinngrepa.
– Vi gav dei resultata, analyseresultata og modellen, og dei legg det inn i utviklingsprosjektrapporten sin, som blir publisert etter sommarferien.
– Kva slags konkrete problem vart de merksame på?
– Rundkøyringar, til dømes. Dei hadde ei rundkøyring for bilar, og denne vart ei stor utfordring når du skal bevege deg rundt som fotgjengar, og kome deg over til gangbrua over elva.
– Denne rundkøyringa øydelegg fullstendig sambandet til gangbrua, og dei meir gangbare områda, seier Claudia Hedwig van der Laag.
Andre problemstillingar er ujamn bruk av areal, og ein fotgjengartunnel som ikkje er særleg fotgjengarvennleg, spesielt om natta.
Viktig for vidare arbeid
Kay Henning Kleverud frå Sør-Odal kommune framhevar at det var utruleg spennande og verdiskapande for prosjektet å kunne samle ulike fagfelt til å løyse dei same oppgåvene.
– Alle fekk medverke, og OsloMet sitt bidrag var ein viktig nøkkel for å få gjennomført prosjektet og alle fekk lært noko nytt, seier han.
– Resultata av workshopen er viktig for det vidare arbeidet med prosjektet, men også for dei ni kommunane som deltok for å ta med ny kunnskap inn i sin eigen organisasjon, seier Kay Henning Kleverud.
Workshopen medverka til å sjå verdiar i prosjektet ved å ha jobba med dataa, og ikkje berre sjå på dataa for å få eit overblikk, meiner han.
Meir om transport- og byplanlegging ved OsloMet.