English version
Prorektor Carl Thodesen og direktør Chee Yeow Meng signerer samarbeidsavtale

Utvidar samarbeidet med Singapore

OsloMet utvidar samarbeidet med National University of Singapore, og styrker banda innanfor innovasjon og entreprenørskap.

Prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid Carl Christian Thodesen og professor Chee Yeow Meng, direktør for Enterprise Academy og NUS Overseas Colleges, signerte intensjonsavtala – eit såkalla Memorandum of Understanding – fredag 17. januar.

Rektor Christen Krogh opna møtet med eit innlegg, der han sette OsloMet som institusjon inn i ei historisk ramme.

Verdsleiande universitet

National University of Singapore (NUS) er eit av Asias leiande universitet, og blir rangerte som det syttande fremste universitetet i verda på Times Higher Education.   

Frå før samarbeider OsloMet med universitetet om helse- og helseteknologi (ansatt.oslomet.no). I tillegg har OsloMet intensjonsavtale med Singapore Institute of Technology (ansatt.oslomet.no)

Samarbeidet har grodd organisk gjennom åra frå signeringa av den første avtala, med blant anna vitskapleg samarbeid og deltaking på konferansar i både Singapore og Oslo. 

Håpet er at den nye avtala skal legge grunnlaget for auka studentutveksling frå OsloMet til Singapore, samtidig som studentar frå National University får høve til å følgje kurs og emnar hos oss.

Entreprenørskap gjennom utveksling

I dag går utvekslinga frå NUS hovudsakleg direkte til bedrifter og start-ups i områda universitetet har etablert nærvær.

Professor Chee Yeow Meng snakka i innlegget sitt om entreprenørskap som livslærdom, og korleis programmet skil seg frå ordinær utveksling. Studentane blir ikkje valde ut på bakgrunn av akademiske prestasjonar, men gjennom intervju. Motivasjonen for å dra ut, tileigne seg eigenskapar som disiplin, lagarbeid og kreativitet i andre kulturar, og ta med dette tilbake til Singapore, vektleggast tungt.

NUS sitt ønske om å koble OsloMet med entreprenørprogrammet sitt, sjåast på som eit naturleg steg i denne ambisjonen.

Globale moglegheiter

– Når NUS no ønsker å knyte studentane sine tettare til eit universitet i Noreg, er vi stolte over at OsloMet er den føretrekte partnaren deira. Samtidig vil denne avtala gi oss høve til å utforske potensialet for utveksling for studentane våre til eit internasjonalt toppuniversitet, seier Carl Thodesen. 

– Vi ser også med interesse på at NUS kan fungere som ein brubyggar for entreprenørstudentane våre inn mot innovasjons- og entreprenørsystemet i Singapore. I ein global marknad, er moglegheitene i avtala eit reelt fortrinn, avsluttar Thodesen.

Miljøa ved OsloMet presenterte seg

Som ein del av sesjonen blei gjestene frå Singapore presenterte for OsloMets økosystem for innovasjon og entreprenørskap. 

Tale Skjølsvik frå Fakultetet for teknologi, kunst og design og Ingvild Reymert frå Handelshøyskolen presenterte masterprogrammet i entreprenørskap. 

Henrik Mørk fortalde om SEFIO- Studentenes entreprenørfond (sefio.no). Dagleg leiar Freyja Jørgensen beskreiv start-up inkubatoren Gründergarasjen (grundergarasjen.no), mens dagleg leiar Ida Laustsen i Punkt Oslo (punktoslo.no) heldt innlegg om arbeidet med eit innovasjonsdistrikt i sentrum.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 21.01.2025 | Foto: Marianne Aasen/OsloMet