Professor Cecilie Sachs Olsen frå Institutt for estetiske fag på OsloMet forskar på kunsten si rolle i samfunnet, og det har mykje å seie for henne å kunne bli med.
– Eg er stolt og synest det er ei stor ære å få vere med i ei gruppe av så engasjerte unge forskarar, seier ho.
– Det er flott at vi kan spele ball med og støtte kvarandre i å kjempe for forskingspolitiske saker som vi synest er viktige.
– Særleg gjevande trur eg det vil vere at vi kjem frå så mange forskjellige fagfelt og perspektiv. Samtidig arbeider vi mot eit felles mål: å fremje vitskapeleg debatt rundt dagens samfunnsutfordringar og tenkje nytt rundt forskingsformidling.
– Her blir det særleg viktig å stille kritiske spørsmål rundt kva stemmer og perspektiv vi gjev plass til i forskinga vår, kven som får høve til å definere kva som er god og relevant forsking, og kven som får tilgang til og utbytte av forskinga vår, og korleis.
– Eg søkte om å få vere med fordi eg er engasjert i forskingspolitiske spørsmål, og fordi eg trur at vi berre kan skape endring og tenkje nytt om vi står saman og jobbar på tvers av fagfelt og institusjonar.
– At dette er ein organisasjon for yngre forskarar er også viktig for meg, fordi det dermed har potensial til å vere ei plattform der vi kan utfordre vante tankemønster og utfordre «gitte» idéar om kva forsking er og kan vere.
Får større nettverk og nye perspektiv
– Kva ventar du å få ut av medlemskapet?
– Eg håpar å få eit stort nettverk av samfunnsengasjerte forskarar og få nye perspektiv på forskingspolitiske spørsmål. Eg gleder meg til å lære meir om korleis ein kan arbeide strategisk og kollektivt for å flytte forskingsfronten og medverke til ei nyskapande og kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
– Eg er også interessert i å utveksle erfaringar rundt vilkår og arbeidsforhold for yngre forskarar på forskjellige institusjonar rundt om i Noreg.
Du kan lese meir om korleis Cecilie omtalar si eiga forsking (akademietforyngreforskere.no).
Den fremste arenaen for yngre forskarar
André Brodtkorb er professor i berekningsvitskap og instituttleiar på Institutt for informasjonsteknologi på OsloMet, og forskar på korleis datamaskiner kan brukast til å rekne raskt og effektivt.
– Eg opplever dette akademiet som den fremste arenaen for samarbeid om forsking og samfunnet sitt beste for nettopp yngre forskarar, seier han.
– Å få lov til å delta her er utruleg spennande, og eg gleder meg til å bli kjend med alle dei andre medlemmene. Det å kunne treffe forskarar på tvers av fagfelt trur eg er svært nyttig, for det er mykje for eksempel ein realist kan lære av en humanist og motsett.
– Eg har visst om akademiet sidan det vart oppretta, og har høyrt mykje godt om det frå personar eg kjenner som har vore medlem tidlegare.
– Dei har ein veldig god formålsparagraf som eg kjenner meg godt igjen i.
Og i formålsparagrafen står det at «Akademiet for yngre forskere» (AYF) er eit uavhengig, tverrfagleg og mangfaldig nettverk for samarbeid og erfaringsutveksling blant yngre forskarar.
Akademiet vil fremje verdiane av kunnskap og fri forsking i samfunnet, og vere ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling. Gjennom å initiere og inspirere til dialog mellom forskingsmiljø og samfunn vil det medverke til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling i Noreg og i verda.
– Kva ventar du å få ut av medlemskapet?
– Det er utruleg gøy å få høve til å kunne medverke til gode vilkår for unge forskarar, og til samfunnet generelt. Eg brenn spesielt for realfaga si rolle i samfunnet, både når det gjelde rekruttering og utdanning. Vi treng realistar som kan medverke til det grøne skiftet.
Les meir om korleis Andre omtalar si eiga forsking (akademietforyngreforskere.no).
Må ha markert seg fagleg
For å bli med i akademiet må medlemmene kunne vise til eit betydeleg og sjølvstendig vitskapeleg eller kunstnarleg utviklingsarbeid, og dei må ha markert seg aktivt og fagleg innan sitt eige fagfelt; vere interesserte i og ha høve til å delta aktivt i arbeidet til akademiet, og ikkje fylle meir enn 40 år i opptaksåret.
For å bli medlem må du sjølv søke og må kunne bli intervjua, og medlemskapet varer i fire år. AYF er ein sjølvstendig organisasjon med inntil 40 medlemmer.
Meir om «Akademiet for yngre forskere» (akademietforyngreforskere.no).
Meir om kven som har kome med i akademiet i 2024 (akademietforyngreforskere.no).