Svitlana Kucherenko som les frå Den gigantiske nepa

Den gigantiske nepa – ny fleirspråkleg forteljing frå NAFO

Bestefar plantar eit lite nepefrø. Nepa veks og blir gigantisk. Bestefaren treng hjelp til å dra den opp av jorda. Kor mange må hjelpe til for at nepa losnar?

Dette er ramma for Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) si nye fleirspråklege forteljing "Den gigantiske nepa" som no er tilgjengeleg på nesten 20 språk. 

NAFO har ei nettside med forteljingar frå ulike land på mange språk som er gratis og ope for alle å bruke.

– Litteratur som speglar barnegruppa og resten av samfunnet kan bidra til identitetsbekrefting for nokre barn og perspektivutviding for andre, fortel Elise Wagner Finnanger frå NAFO som har jobba med forteljinga. 

Ei historie mange kjenner igjen

Forteljinga om den gigantiske nepa er kjent mange stader i verda. Eventyret Repka vart først skrive ned av den russiske eventyrsamlaren Alexander Afanasyev i 1860. 

I seinare tid har ulike versjonar av forteljinga blitt gitt ut på forskjellige språk. NAFOs versjon av  Den gigantiske nepa er inspirert av den ukrainske forfattaren Ivan Frankos versjon av eventyret Ripka frå 1891.

Kollegaer frå mellom anna Polen, Litauen, Russland, Afghanistan, Kina og Ukraina har kjent igjen forteljinga frå barndommen. Mange vil sikkert også dra kjensel på handlinga gjennom den gamle norske songen Gubben og gamla låg og drog.

Historia er illustrert av Alyona Potyomkina, som kjente igjen historia frå sin eigen barndom i Ukraina.

Under NAFOs jubileumskonferanse 21. oktober vart Den gigantiske nepa framført i fullsett sal med ca. 750 deltakarar. Forteljinga vart formidla tospråkleg med Svitlana Kucherenko på norsk og Hassan Javed på urdu til stor glede for publikum.   

Svitlana Kucherenko og Hassan Javed

Foto: Benjamin Ward / OsloMet

Historier på fleire språk gir barn meistring

På nettsia kan ein både lese og høyre innspelingar av forteljingar på fleire språk (morsmal.no). Det gir barnehagar og skolar høve til å la barn og elevar høyre historier på morsmålet sitt, sjølv om dei tilsette ikkje meistrar alle språka.

– For barn som meistrar eit anna språk betre enn norsk, kan det å høyre forteljinga på morsmålet gjere det enklare å forstå innhaldet når forteljinga blir formidla på norsk i barnehagen. Å møte fleire språk i barnehagen kan også føre til nysgjerrigheit og inspirere til samtaler om språk som aukar barns språklege medvit, fortel Finnanger.   

Les meir om NAFO (nafo.oslomet.no).

Kontakt oss

Laster inn ...
Publisert: 14.11.2024 | Foto: Benjamin Ward / OsloMet