I Horizon Europe-prosjektet Paths2Include skal forskarane studere ulike former for diskriminering i arbeidslivet og utforske nye risikofaktorar i framtidas arbeidsmarknad.
– Me håpar på å kunne gi ny kunnskap om dei fleirdimensjonale aspekta ved diskriminering og kva for nokre politiske rammer eller tiltak som kan bidra til eit meir inkluderande arbeidsliv, fortel leiaren for prosjektet Elisabeth Ugreninov.
Betydninga av kjønn
Forskarane skal belyse ulike sider ved diskriminering i arbeidslivet.
– Kjønn vil vere sentralt gjennom heile prosjektet. Det betyr at me vil studere betydninga av kjønn for yrkesdeltaking i samspelet mellom etnisitet og omsorgsansvar, helse- og familiesituasjonar, utdanning og alder, og korleis desse faktorane påverkar diskriminering eller moglegheiter i arbeidslivet, seier prosjektets impact co-manager Justyna Bell.
Prosjektet som hadde oppstart 1. mars i år skal fortsette i tre år, og har samarbeidspartnarar frå sju europeiske land (Tyskland, Italia, Spania, Polen, Belgia, Romania og Luxemburg).
Rekruttering, karriereløp og avgang
Forskarane vil leggje vekt på betydninga av korleis samanhengen mellom dei ulike faktorane påverkar sårbarheit innanfor tre sentrale arbeidsmarknadsprosessar: rekruttering, karriereløp og tidleg avgang frå arbeidslivet. Dei skal også berekne risikofaktorar i framtidas arbeidsmarknader.
Innsamling av data
Det vil bli gjennomført spørjeundersøkingar med vignett-eksperiment og kvalitative intervju med arbeidsgivarar for å få ei betre forståing av kvifor og i kva samanhengar diskriminering oppstår, og korleis inkluderande praksisar kan utviklast.
Forskarane vil også nytte tilgjengelege datasett til å gjennomføre komparative kvantitative analysar for å belyse forhold som kan fremme inkludering og sikre anstendig arbeid for alle.
– Eg har god tru på at me gjennom dette prosjektet skal kunne utvikle forslag til politiske tiltak eller verkemiddel som kan fremme inkludering og auka sysselsetting i europeiske arbeidsmarknader, avsluttar Ugreninov.
Om prosjektet
Prosjektet har tre sentrale problemstillingar:
- Avdekkje forhold som hindrar likestilling i yrkesdeltaking og inntekt
- Betydning av kontekst for timing og vegar ut av arbeidslivet
- Kartleggje om digitalisering og automatisering kan bidra til nye risikofaktorar for marginalisering eller ekskludering i arbeidslivet.
Prosjektmedarbeidarar ved OsloMet er Elisabeth Ugreninov (prosjektleiar), Justyna Bell, Jon Rogstad, Vegar Bjørnshagen, Andreea Alecu og Silvia Alfreider.
Følgjande institusjonar er partnarar i prosjektet: Leibniz University Hannover (Tyskland), PIN S.c.r.l. / ARCO Action Research for Co-Development (Italia), Universite du Luxemburg (Luxemburg), Universitat de Girona (Spania), Universitetea Din Bucuresti (Romania), COFACE Families Europe (et europeisk nettverk med hovudkontor i Belgia) og IBS – Institute for Structural Research (Polen).
Les meir om prosjektet (cordis.europa.eu)
Les meir om programmet (cordis.europa.eu)