Gruppebilete av bidragsytarar på seminar på Lillestrøm bibliotek.

Ein meir praktisk ungdomsskole - kva betyr det?

I påvente av stortingsmeldinga om 5.-10. trinn, inviterte Senter for kunnskap om yrkesfag til seminar.

Til hausten er det venta ei stortingsmelding om 5.-10. trinn. Den skal mellom anna seia noko om korleis skolen kan bli meir praktisk og variert, slik at elevane skal læra meir og trivast betre, står det på nettsidene til regjeringa (regjeringa.no).

Kva betyr dette i praksis? Det var tema for Senter for kunnskap om yrkesfag sitt seminar på Lillestrøm bibliotek tidlegare i juni.  

Halda ut ungdomsskulen eller byggja eit repertoar av ferdigheiter?

– Kva samvariasjon er det mellom praktisk skole, variasjon, læring og motivasjon?  Og kva aktivitetar er det eigentleg ein ønsker meir av? spurde dosent Halvor Spetalen ved yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet i innleiinga si.

Han trekte også fram spørsmålet om kvifor ein ønsker i ein meir praktisk ungdomsskole. Er det for å få fleire til å “halda ut” ungdomsskolen, eller har vi eit større perspektiv der vi ønsker å bygge opp eit breiare repertoar av ferdigheiter hos ungdommen?  

Treng tid til læring

Birger Aaserud er adjunkt ved Tæruddalen skole og underviser i arbeidslivsfaget. Han viste fram korleis skolen mellom anna har laga “temabord” med ustyr for trening i ulike yrkesretta ferdigheiter. Aaserud etterlyste meir tid til læring i alle fag, ikkje berre dei praktisk-estetiske faga.  

Marit Lensjø, førsteamanuensis ved yrkesfaglærarutdanninga, snakka om kroppsleg læring, og korleis kroppsleg handling styrker hjernen. Ho peika på kor avgjerande det kan vere for sjølvbiletet til praktisk innretta elevar at dei får oppleva meistring i skolen, og at tilgangar til verkstader er sentralt.  

Krev ein del rammefaktorar

I panelsamtalen bidrog også Kaja Granum Skarpaas, førsteamanuensis ved grunnskolelærarutdanninga ved OsloMet og Bodil Gullseth, andre nestleiar i Skolenes Landsforbund.  

Gullseth peika på korleis det har skjedd endringar i den fysiske utforminga av klasseromma dei siste 30 åra, og at lærarane har fått ein meir samansett arbeidsdag.  

– Praktisk undervisning krev ein del rammefaktorar: tid til førebuing, store nok rom, og rett utstyr, sa Gullseth.  

–  Det krev også noko av elevgruppa.

Meir samarbeid mellom lærarar

Kaja Granum Skarpaas peika på korleis engelsk også er eit praktisk fag, og at det er mogleg å kopla faga meir på kontekst, også i ungdomsskolen. Ho meiner ein nøkkel kan vera meir samarbeid mellom lærarar om tverrfaglege emne, og håpar stortingsmeldinga legg til rette for at tilrettelegging for praktisk undervisning blir mindre personavhengig.  

På biletet: Øvst frå venstre: Halvor Spetalen, Anders Grydeland, Bodil Gullseth. Nedst frå venstre: Kaja Granum Skarpaas, Anna Hagen Tønder, Marit Lensjø og Birger Aaserud.  

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.

Vidareutdanning i arbeidslivsfaget

Underviser du i arbeidslivsfaget, eller ønskjer å gjera det? OsloMet tilbyr vidareutdanninga Yrkesdidaktikk og entreprenørskap i arbeidslivsfaget:

Publisert: 25.06.2024 | Siv Tonje S. Håkensen