Elevane på tiande trinn ved Linderud skole fekk i oppgåve å skrive eigne tekstar med utgangspunkt i Oliver Lovrenski sin roman «Da vi var yngre» (2023). Dei fekk lov til å skrive på sin eigen etnolekt frå Groruddalen, og utan avgrensingar. Tekstane har no blitt til boka «Husker du når?» der elevane fortel om sin eigen kvardag og oppvekst i bydel Bjerke. Alle elevane på trinnet har bidrege med tekstar i boka.
– Dei begynte å sende boka rundt
OsloMet har ein partnarskap med Linderud skole gjennom Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen med temaet språkutviklande undervisning. Siri Mohammad-Roe er universitetslektor på OsloMet og har jobbar tett med lærarane på skolen.
Bokprosjektet starta då ein av lærarane, Eirik Amundsen, nemnde for Mohammad-Roe at han hadde gitt Lovrenskis bok til nokre av gutane i klassen sin. Dei hadde likt boka såpass godt at dei hadde begynt å sende ho rundt til medelevane sine.
– Dette er gutar som elles ikkje har likt noko dei har fått å lese på skolen, og som i alle fall aldri har tilrådd litteratur til andre, så vi bestemde oss for å grave litt i kva som var så spesielt med denne boka, seier lærarkollega Kjersti Fossen.
Kva om dei skriv noko liknande sjølv?
Svaret dei fekk frå elevane var at boka kjendest lettare å lese, og at det var lettare å forstå og relatere seg til det den handla om, samanlikna med alt anna dei har fått å lese tidlegare.
Inspirert av dette kasta Mohammad-Roe ut ideen om at det hadde vore gøy om elevane fekk skrive ei liknande bok sjølv, basert på eigne minne og opplevingar, og at dette ville vore ei fin avslutningsgåve å gi elevane.
Lærarane kopla på skolebibliotekaren, bydelen og Demo Linderud, som er eit samarbeid mellom biblioteket Deichman og bydelen.
– Til og med Lovrenski sjølv blei kopla på, og han var snill nok til å takke ja til å komme på lanseringa vår, seier Fossen.
Motiverande i seg sjølv
Lærarane hjelpte elevane i gang med å komme på minne som stikk seg ut når dei tenkjer på ungdomstida si på Linderud.
– Berre denne øvinga førte med seg god stemning, latter og mimring blant elevane, fortel Fossen.
Tekstane er referert anonymt, slik at elevane ikkje skulle vere redde for å skrive om akkurat det dei helst ville.
Lærarane opplevde at oppgåva i seg sjølv var såpass motiverande for elevane at dei ikkje trong å jobbe noko særleg med å få dei til å gjennomføre det, utover å hjelpe dei i gang med skriveidear.
Dei hadde tidlegare snakka med Siri Mohammad-Roe om kva distansen mellom kvardagsspråket til elevane og det akademiske språket gjer med motivasjonen og meistringa til elevane når det gjeld lesing og skriving i skolefag.
– Dette er ein type samtale vi har hatt mykje meir av etter at vi starta samarbeidet med OsloMet, og det er eit godt døme på korleis vi har blitt meir klar over rolla språkforståinga til elevane speler i undervisninga, fortel Fossen.
– Det handlar om representasjon
Siri Mohammad-Roe har i fleire år jobba med skolepartnarskap i Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen.
– Boka “Husker du når?” er viktig fordi det handlar om representasjon. Elevane får oppleve at det er plass til dei i kulturen, seier Mohammad-Roe.
Ho fortel at lærarane på Linderud skole har mykje kreativitet og engasjement, og at dette er grunnen til at prosjektet blei vellykka.
– Rolla mi i partnarskapen er å vere ein god samtalepartnar som ser praksisen med nye auge.
– Du må lese mykje og snakke mykje
Boka «Husker du når?» blei lansert måndag den 10. juni på Demo Linderud.
Elevane las nokre av tekstane sine, og fekk intervjue Lorenski.
Under intervjuet fortalde Lovrenski at han skreiv “Da vi var yngre” både for at vaksne skulle forstå, og for at unge skulle bli inspirerte. Forfattaren oppmuntra elevane til å vere målretta, og til ikkje å vere redde for å prøve ut ting uansett kva bakgrunn dei har.
Han gledde seg til å lese boka elevane har skrive, og kom med følgjande råd:
– Du kjem langt viss du kan snakke, og for å bli god til å snakke må du lese mykje og skrive mykje.