Satsinga startar opp i 2025 og har fått 270 millionar kroner i støtte frå Gjensidigestiftelsen. 15 millionar av desse skal gå til følgjeforsking.
Det er NOVA og AFI ved OsloMet som saman med Institutt for samfunnsforsking (ISF) har fått tilslag på å gjennomføre følgjeforskinga. Mira Aaboen Sletten (NOVA) skal leie prosjektet.
– Dette er ei unik moglegheit til styrke kunnskapen om ein svært viktig fritidsarena for ungdom, seier direktør ved NOVA, Guro Ødegård.
Fritidsklubbar er ein av dei viktigaste organiserte fritidsaktivitetane for ungdom i Noreg, med 23 prosent deltaking ifølgje Ungdata-undersøkinga frå 2022.
– Klubbane går i bresjen når det gjeld medverknad og ungdomskultur – dei tek ungdommars behov og ønskjer for fritida på alvor, seier Ødegård.
Spennande samarbeid
Prosjektleiar Sletten viser til forskinga dei har gjort som syner at fritidsklubbane i større grad enn andre organiserte aktivitetar treff ungdom frå lågare sosiale lag (samfunnsforskning.no) og ungdom som har utfordringar i livet sitt (utdanningsforskning.no).
Fritidsklubben er eit viktig kommunalt verkemiddel for inkludering av barn og unge– Mira Aaboen Sletten
– Fritidsklubben er difor eit viktig kommunalt verkemiddel for inkludering av barn og unge, understrekar ho.
Ungdomforskingsmiljøet på NOVA har lang erfaring med fritidsklubbforsking, men har sakna meir langsiktige pengar for å kunne utvikle denne kunnskapen vidare.
– Difor er vi svært glad for at vi no får høve til å vidareutvikle dette forskingsfeltet i samarbeid med forskarar ved AFI som har spisskompetanse på ungdomsmedverknad og innovasjonsprosessar, i tillegg til forskarar frå ISF som har særleg kompetanse på sivilsamfunn og kommunal forvaltning, seier Guro Ødegård.
Prorektor for forsking og utvikling Tanja Storsul gratulerer forskarane ved NOVA og AFI med midlar til forsking på kva fritidsklubbane betyr for oppveksten til barn og unge.
– Spesielt er det flott at midlane er sette av til forskingsarbeid på tvers av fagmiljøa ved dei to institutta våre ved OsloMet, NOVA og AFI, og Institutt for samfunnsforsking.
Et draumeprosjekt
Også ansvarleg forskar ved AFI, Aina Landsverk Hagen, er begeistra. Ho seier at prosjektet har som målsetjing å få nasjonal slagkraft, og vil føre til både meir og betre kunnskap om fritidsklubbsektoren spesielt, og ungdomsliv generelt.
Ho beskriv dette som eit draumeprosjekt:
– Vi har fått fridom til å lage eit forskingsprosjekt med solid og nyskapande metodikk, som eg har skikkeleg tru på, og samarbeidspartnar Ungdom og Fritid har eit langsiktig perspektiv på innsatsen dei og vi legg ned. Dette blir gøy!
Meir om prosjektet
Målet for satsinga «Eit løft for fritidsklubbane» (ungdomogfritid.no) er å auke deltakinga, forbetre kvaliteten på tilboda, og styrke klubbane økonomisk og organisatorisk.
Forskingsprosjektet skal dekkje tre hovudområde:
- Forskarane skal følgje utvikling og implementering av tiltak internt hos Ungdom og Fritid og pilotklubbane som inngår i satsinga. Denne delen blir leidd av AFI og vil mellom anna bruke kvalitative metodar som Youth Participatory Action Research (YPAR) og inkludere unge medforskarar frå ungdomsklubbar. Dei unge medforskarane som blir rekrutterte, vil også bidra inn i andre delar av prosjektet.
- Forskingsprosjektet skal undersøkje posisjonen til klubbane i kommune og lokalmiljø. Denne delen som blir leidd av ISF, vil både handle om korleis politisk leiing og administrasjon oppfattar statusen og rolla til klubbane, i tillegg til statusen til klubbane blant barn og unge i lokalmiljøet som ikkje bruker tilbodet.
- I siste del av forskingsprosjektet, som blir leidd av NOVA, skal forskarane undersøkje ulike kvantitative kvalitets- og deltakingsmål. Målet er for det første å undersøkje korleis tiltaka som blir sette i gang i pilotklubbane, påverkar ungdoms åtferd og haldningar. For det andre skal arbeidet gi tilrådingar om kva som kan vere formålstenlege og kostnadseffektive kvalitets- og deltakingsmål i det vidare arbeidet med å utvikle klubbfeltet i Noreg.