Menneske står og pratar i foajeen til OsloMet.

– Ønsker å skape ekte og genuine samarbeid

Om lag hundre deltakarar frå OsloMets samarbeidskommunar og universitetet sjølv møttest til workshop 13. januar. Høvet var å knyte tettare band og diskutere rolla til forskinga på dei ulike arenaene til kommunane.

Dei siste to åra har OsloMet i tur og orden signert samarbeidsavtaler med dei fleste kommunane på Romerike, i tillegg til avtaler med kommunar rundt Oslofjorden og Oslo sjølv. Avtalene varier i spennet sitt, men samarbeid om praksis, forsking og innovasjon ligg som eit fundament for dei alle. 

Korleis forsking ved- og forskarar frå OsloMet kan bidra til å løyse utfordringar ute i desse kommunane var då også bakgrunnen for workshopen som blei halden 13. januar.

Interessa for samarbeid er stor

Prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid – Carl Christian Thodesen – opna arrangementet, og hadde ei open tilnærming til dagen.

Bilde av prorektor Carl Thodesen framfor eit lysark med bilde av glade studentar.

Prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid, Carl Thodesen, opnar verkstaden. Foto: Tor Even Marthinsen

– Det har vore større interesse for arrangementet enn vi trudde på førehand, med så mange påmelde deltakarar. Dette er det første møtet av arta si. Vi legg opp til at det blir fleire i tida som kjem. No begynner jobben med å finne ein måte å samarbeide framover. Det er viktig for OsloMet å vere tett på omgivnadene våre; tett på bydelane og kommunane rundt oss, seier Thodesen.

Eit bodskap til forskingsfeltet frå førstelinja

Kristin Aasta Morken, programleiar for delprogram oppvekst og utdanning i Områdesatsingen i Oslo kommune, delte frå erfaringane deira med å samarbeide med forsking opp mot barne- og oppvekstsektoren.

Ho hadde fleire konkrete oppfordringar til salen:

– Spør dykk sjølve kva nytte praksisfeltet har av bidraga til forskingsmiljøet. Det gjeld både designval, og korleis ein tar kontakt. Er det rett å sende ut mange og store spørjeundersøkingar direkte i skolane og barnehagane? Det slit ut førstelinja, seier Morken.

Ho følgde opp med eit tydeleg bodskap:

Forskingsmiljøa må ha systemperspektivet med seg. For kommunale tenester handlar det om korleis kommunen er bygd opp. Kor skortar det i systemet? Kva ved systemet er det som ikkje fungerer? Kva må til for at ei nyutvikla løysing blir varig implementert? – Kristin Aasta Morken

– Veldig ofte ser vi at forskarane er alt for individfokuserte, eller berre ser på tenestestad lokalt, og då risikerer ein at forskinga ikkje får noko varig avtrykk ute der det er meint at ho skal gjere ein forskjell, påpeikar Morken.

Matchmaking og smågrupper

Brorparten av dagen gjekk likevel med til mindre gruppearbeid og reell kontaktknyting mellom Oslomet-tilsette og tilsette ute i samarbeidskommunane. Ambisjonen var å identifisere både behov og moglegheiter for begge partar.

Det blei diskutert moglege samarbeid langs aksane demografi og ei aldrande befolkning, klima og miljø, oppvekst og kommunal styring og strategisk leiing. 

Og kanskje ikkje overraskande løp omgrepet tid som eit felles multiplum gjennom samtalene rundt borda; tid til å prioritere samarbeid i ein pressa arbeidskvardag, men også tid til å nyttegjere seg av det som kjem ut av samarbeidet.

Læringssenter og KI

Representantar frå Gjerdrum kommune har allereie rokke å både tenke på- og diskutere korleis samarbeidet med OsloMet kan ha relevans.

– Vi har allereie begynt å jobbe med fagmiljø ved OsloMet med tanke på å opprette eit læringssenter knytte til leirskredet i kommunen for fem år sidan. Gjerdrum er også ein kommune som har komme eit stykke når det gjeld å ta i bruk KI, og der kan samarbeidet med OsloMet verkeleg bidra til innovasjon i tenestene, seier kommunedirektør Daniel Berg-Hansen.

Plan- og byggesaksansvarleg Line Lian, kommunalsjef Jørgen Myhl og kommunedirektør Daniel Berg-Hansen frå Gjerdrum kommune.

Plan- og byggesaksansvarleg Line Lian, kommunalsjef Jørgen Myhl og kommunedirektør Daniel Berg-Hansen frå Gjerdrum kommune. Foto: Tor Even Marthinsen

– Møteplassar som dette bidrar til å bringe folk saman, til å utforske samarbeidsmoglegheiter og bygge relasjonar på tvers, utan at nokon nødvendigvis sit med fasitsvar på førehand, legg kommunalsjef Jørgen Myhl til.

Ønske om eit ekte og genuint samarbeid

Carl Thodesen understreka undervegs i dagen at dei tette kommunesamarbeida er ein ny måte for universitetet å løyse samfunnsoppdraget sitt på.

Vi har ikkje noko talfesta mål på at vi skal ha samarbeid med så og så mange kommunar, men å bidra med styrkane til OsloMet ute i dei bydelane og kommunane som er nær oss, skal vere naturleg for oss. – Carl Thodesen

– Men det aller viktigaste er å skape ekte og genuine samarbeid, slik at kunnskapen kjem til nytte der behovet finst. Møteplassar som dette gjer at vi saman finn ut kva som gjer det verdifullt å vere ein universitetskommune, avsluttar Thodesen.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 15.01.2025 | Tor Even Marthinsen