Nærbilete av studentane Barsha, Fredrikke og Sindre

– Eit laboratorium for framtida

For første gong samlar OsloMet og bydel Søndre Nordstrand alle studentar med praksis i bydelen for å jobbe saman på tvers av utdanning.

– Uavhengig av om vi jobbar i barnehage, skole eller i ei anna teneste, er det alltid andre profesjonar som vi må samarbeide med, seier Mette Tollefsrud til forsamlinga på rundt 50 OsloMet-studentar i ein sal i universitetet sine lokalar på Holmlia. 

Tollefsrud er prosjektleiar for OsloMet Holmlia, og studentane kjem frå ulike utdanningar på universitetet. 

Mette Tollefsrud presenterer foran ein sal full av studentar

Prosjektleiar Mette Tollefsrud innleidde om vegen frå St. Hanshaugen til Holmlia. Foto: Marit Christiansen / OsloMet

På bakarste rad sit ein gutegjeng frå lærerutdanninga i idrett og kroppsøving. Nesten fremst, ei rad med jenter frå sjukepleiarutdanninga. Mellom dei er det framtidige barnehagelærarar og grunnskolelærarar. 

Vil at studentane skal bli kjent

Ei rask mentimeter-undersøking viser at ti av studentane bor i bydelen, mens to har budd der før. Resten har ikkje noko nært forhold til Søndre Nordstrand, men akkurat no blir dei foreina i at alle har praksis i bydelen sør i Oslo. 

Når bydelen sin direktør for samfunn og innbyggardialog, Frode Torjussen, spør studentane kva som skal til for å jobbe betre på tvers, er svaret unisont: Nøkkelen er kommunikasjon. Tollefsrud fortel at universitetet og bydelen ønsker at studentane som har praksis i bydelen skal bli kjent, og få ei kjensle av å høyre til. 

– Folka vi omgir oss med påverkar oss som profesjonsutøvarar. Når vi omgåast er det også lettare å lære av kvarandre, seier ho.   

Ulik praksis – like erfaringar

I eit gruppearbeid deler fire studentar frå kvar si utdanning erfaringar med kvarandre. Studentane har praksis på sjukeheim, i barnehage og på to forskjellige skolar i ulike delar av Søndre Nordstrand. 

Tre studenar sit rundt eit bord og diskuterer

Kroppsøvings- og idrettslærarstudent Sindre, sjukepleiarstudent Fredrikke og barnehagelærarstudent Barsha delte erfaringar frå praksis i Bydel Søndre Nordstrand. Foto: Marit Christiansen / OsloMet

Praten går om erfaringar og menneskemøte. Sjølv om mykje er forskjellig, er alle einige om at noko av det viktigaste dei har erfart er kor viktig relasjonar er når ein jobbar med menneske – og at ein som praksisstudent ofte sit med kjensla av at akkurat idet ein er i ferd med å få skikkeleg kontakt, er praksisperioden over. 

Sjukepleiarstudent Fredrikke har deltatt på tverrfaglige møte med ergoterapeut og demenskoordinator i heimetenesta, mens deI andre stort sett har forhalde seg til andre med same utdanning som dei sjølve. 

Alle fire ønsker seg meir samarbeid på tvers av utdanningar i praksisen.

– Det er ingen medfødd eigenskap å jobbe tverrfagleg

Runa Kalleson leier INTERACT ved OsloMet, eit tverrprofesjonelt undervisningsopplegg for studentar som skal jobbe med barn og unge. 

Som fysioterapeut erfarte ho at mange problem ikkje kunne løysast av ei yrkesgruppe åleine. 

Ho fortel at det i meir enn ti år har vore eit politisk mål å legge til rette for meir tverrprofesjonell samarbeidslæring i studiar.

Studentar med ryggen til framfor ein skjerm med mentimeter-resultat.

Frode Thorjussen frå bydelen kartla kva utdanning studentane kom frå. Foto: Marit Christiansen / OsloMet

– Det er ingen medfødd eigenskap å vere veldig god på å jobbe tverrfagleg. Derfor må vi trene på det, seier ho. 

Særleg i møte med barn og unge er det ofte nødvendig å samle kompetansen frå ulike profesjonar for å finne dei beste løysningane, meiner ho. 

Veit for lite om kvarandre

For Mette Tollefsrud er dette eit første skritt på vegen mot  å skape  møteplassar på tvers, som kan overførast til andre bydelar og kommunar seinare. 

– Alle er einige om at praksis er ein særs viktig del av læringa til studentane, men i dag veit dei ulike utdanningane for lite om kompetansen og arbeidsmåtane til kvarandre – korleis og kvifor dei må samarbeide i praksis.  Med dette prosjektet ønsker vi både å koble utdanningane tettare saman, og å koble studentene tettare på bydelen der dei har praksisen sin. 

– Da kan det vi gjer her i Bydel Søndre Nordstrand bli eit laboratorium for framtidas praksis.  
 

Publisert: 28.10.2024 | Åshild Losnegard | Foto: Marit Christiansen / OsloMet