Inngår historisk praksissamarbeid på Holmlia

Nærbilde av tre kvinnelige sykepleierstudenter

Sjukepleiarstudentane Mathilde, Frederikke og Sevde trur opplegget blir spennande.

– Ein blir jo godt kjend i området og får god oversikt over bydelen, seier Mathilde Lundberg Johnsen. 

Verken ho eller medstudent Frederikke Sørlie har vore i bydelen heilt sør i Oslo før. No skal dei ha tre ulike praksisperiodar i Søndre Nordstrand, mellom anna i ambulant team i psykiatrien.

Sevde Tanatar bur for tida i området og kjenner bydelen betre. For henne er det praktisk å ha praksis i nærleiken. 

– Eg er alltid spent før praksis, men denne gongen er eg særleg spent på korleis det vil vere å ha så tett oppfølging, sidan dette er første gong ein har så nært samarbeid med ein bydel, seier ho.

Tidlegare har studentane hatt praksis på sjukehus og trur praksisperiodane i bydelen kan bli ganske annleis. 

Vil skape heilskap og samanheng

Nettopp den tette oppfølginga av studentane er noko av det prosjektleiar Dag Karterud og resten av undervisarane på tredjeåret på sjukepleiarutdanninga ønskjer å oppnå. 

– Målet med dette prosjektet er å skape heilskap og samanheng i praksisen slik at studantane betre forstår korleis dei kommunale tenestene er kopla saman.

I løpet av året skal studentane ha praksis både på sjukeheim, i heimetenesta og i psykisk helse og rus. 

Studentane vil følge same gruppe gjennom alle de tre praksisperiodane og vil bli tettare knytt både til kvarandre og rettleiarane i bydelen. 

– Vi håper dette er noko både studentane, universitetet og bydelen vil vinne på, seier han.

Vi veit at kommunen kjem til å få mange nye utfordringar i framtidas helsevesen. Derfor treng vi å finne nye løysingar i samarbeid med andre. – Linda Tahir, einheitsleiar for heimetenesta i Søndre Nordstand
Portrett av Linda Tahir

Ein rekrutteringsarena for bydelen

Enheitsleiar for heimetenesta i Bydel Søndre Nordstrand, Linda Tahir, har vore med på å utvikle prosjektet. Ho trur bydelen har mykje å vinne på samarbeidet.  

– Vi veit at kommunen kjem til å få mange nye utfordringar i framtidas helsevesen. Derfor treng vi å finne nye løysingar i samarbeid med andre, og i Søndre Nordstrand er vi så heldige å ha OsloMet i samme hus.

For Tahir er praksissamarbeidet også ein viktig rekrutteringsarena.

– Vi begynner allereie å merke at det er vanskelegare enn før å rekruttere sjukepleiarar. Det stiller større krav til oss og gjer det viktig å tenke nytt. 

Ho trur det vil vere nyttig for alle partar at studentar, tilsette på OsloMet og i bydelen no får høve til å bli kjent med kvarandre over tid. Håpet er at fleire av studentane også vil bli freista til å skrive bacheloroppgave om bydelen. 

Det vil kunne bidra til meir kunnskap om bydelen sine tenester. 

Tahir fortel at bydelen også ønsker å opprette eigne studentstillingar 

Med bydelsdirektøren som guide

For å gi studentane eit første overblikk over bydelen der dei skal tilbringe 23 praksisveker, stilte bydelen med guida busstur med bydelsdirektør Odd Rune Andersen som guide. 

Studentar og nysgjerrige tilsette fekk sjå delbydelane Mortensrud, Bjørndal, Prinsdal, Hauketo og Holmlia på nært hald og oppleve noko av det bydelen har å by på – frå høner i fri dressur på Søndre Ås gård, motorsenteret for ungdom i Hvervenbukta til Kantarellenhjemmet og Distrikspsykiatrisk senter på Mortensrud.  

Ei gruppe menneske følger med på guiding med Oslofjorden i bakgrunnen

Studentane fekk oppleve ein del av mangfaldet i bydelen, mellom anna motorsenteret ved Hvervennbukta.

Ein entusiastisk bydelsdirektør ønska å vise fram noko av mangfaldet i bydelen. 

– Velkomen til ein fantastisk spennande bydel! 60 prosent av innbyggarane i Søndre Nordstrand har ein mangfaldsbakgrunn, med foreldre eller besteforeldre som har komme hit frå eit anna land. Det er både ein ressurs og ei utfordring, sa han da han ønskte studentane velkomen. 

Skal forske på prosjektet 

Parallelt med at dei første studentane går ut i praksis i bydelen, er det også planar om å forske på prosjektet. 

Undervisarane på tredjeåret på sjukepleiarutdanninga vil gje studentane meir heilskap og samanheng praksisen.

Prosjektleiar Karterud har håp om at det kan danne grunnlag for å utvikle denne måten å jobbe med sjukepleiepraksis på til en modell som kan overførast til andre bydelar eller kommuner. 

Han trur også det kan bidra til å utvikle bydelen som ein forskingsarena der universitetet og kommunen samarbeider om forskning som kan bidra til økt kunnskap blant tilsette i helse- og omsorgstjenesta. 

– Vi er spente på kva dette vil bety for for læring og kompetansebygging, og kva vi som utdanning og helsetenesta for øvrig vil få ut av det, seier Karterud. 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 28.08.2024 | Åshild Losnegard