Gruppebilete av prosjektleiarar som fekk tildelt såkornmidlar.

Stort innovasjonspotensiale ved OsloMet

Tolv forskingsprosjekt ved OsloMet har fått finansiering frå Intelligent helse. Det prosjekta har til felles er koplinga helse og teknologi.

Prosjekta er mangfaldige og kjem frå ulike fagfelt. Til dømes fokuserer to av prosjekta på nye behandlingsmetodar, men med ulike innfallsvinklar.

Laura Terragni skal forske på korleis blanda verkelegheit, på engelsk mixed reality, kan skape eit hyggjeleg etemiljø for sjukehuspasientar. Medan Terje Gjøvaag skal forske på ei ny og teknologisk behandling for personar med fantomsmerter

Forskingsdriven innovasjon  

Vi treng løysingar som gjer det lettare å jobbe i helsesektoren, skaper betre folkehelse, gir treffsikker behandling og diagnostisering og sikrar oppfølging av pasientar. Her kan teknologien vere til hjelp. 

Steinar Olberg er seniorrådgivar ved divisjon for forsking, utvikling og universitetsbiblioteket var med i evalueringskomiteen saman med: 

– Mange søknader viste eit stort innovasjonspotensial som kan resultere i forskingsbaserte produkt og tenester  dei næraste åra, seier Steinar. 

Eit døme er Sanko Nguyens prosjekt Smart utvikling av nano-antibiotika. Nguyens forskingsprosjekt fekk også midlar i 2023 til forsking på legemiddel mot resistente bakteriar som kan bli vanskeleg å behandle. I 2025 får ho midlar til å utvikle eit produkt basert på funna. 

– Prosjektet utviklar nye antibakterielle legemiddel ved å ta i bruk av nanoteknologi og KI. Fase ein viste at vår metode har ein effekt mot bakteriar og til og med bakteriar i biofilmar, seier Nguyen.

Biofilmar er eit slimete lag bakteriar lagar for å verne seg sjølve.  

Smartklokker skal finne svar på viktige spørsmål om badstove

Eit anna spennande forskingsområde er helseeffektar ved badstove og kalde bad. Det verkar å vere meir populært enn nokon gong. Helseeffektane blir sagde å vere mange, men vi veit lite om korleis badstove og kalde bad førebyggjer og behandlar stress og psykiske plager. 

Veid å ta i bruk ulike teknologiar som måler biomarkørar i kroppen skal Eva Hilland forske på dette.

– Ved å kombinere klassiske psykologiske metodar, med mellom anna smartklokker som måler hjarteratevariabilitet (HRV), EEG som måler hjerneaktivitet, og dessutan mRNAanalysar, håpar vi å kunne svare på nokre viktige spørsmål om badstove, isbad og psykisk helse, seier Hilland. 

Ein stad å samarbeide

Laboratorium, utstyr og ein fysisk stad å møtast er viktig for forsking innan helse og teknologi. 

Av dei tolv søknadene var det eitt prosjekt som fekk midlar til å vidareutvikle infrastrukturen innan helse og teknologi ved OsloMet. Olga Korostynska er prosjektleiar for utvikling av eit laboratorium som skal utvikle ikkje-invasive metodar og sensorar. 

– Laboratoriet vil vere utstyrt med dei nyaste fasilitetane som måler fleire fysiologiske parametrar samtidig, ikkje invasivt. Det gjer det mogleg å etablere korrelasjonar mellom eksterne faktorar og funksjonane til kroppen, seier Korostynska. 

Eitt prosjekt som samarbeide i det nye laboratoriet er det tverrfaglege prosjektet BraART. Dei skal finne ut om kunstterapi fungerer på smerte. Det er eit tverrfagleg prosjekt der helseforskarar, teknologar og estetikarar samarbeider for å sjå på effekten av kunstterapi. 

Prosjekt som får midlar frå Intelligent helse

Intelligent helse (oslomet.no) har som mål å stimulere til meir forsking innan helse og teknologi. Vinteren 2024 vart det kunngjort såkornmidlar til forsking gjennom satsinga. 

– Intelligent helse fekk inn 28 søknader, som til saman har søkt om nærare 13 millionar kroner. Denne runden hadde vi tre millionar å dele ut. Men interessa for utlysinga viser at det er høg aktivitet og stort engasjement ved OsloMet innan helse og teknologi, seier Vibeke Telle-Hansen som er fagleg ansvarleg for satsinga Intelligent helse.  

OsloMet har eit stort forskingsnettverk innan helse og teknologi, og dei tolv forskingsprosjekta viser stor breidd i forskinga ved OsloMet. Dei representerer ulike tilnærmingar og teknologiar frå blanda verkelegheit, nanoteknologi til bruk av smartklokker og kunstig intelligens. Disse får midlar:

Publisert: 01.04.2025 | Thea Larsen Ørneseidet