Nettverket blei etablert i 2013 av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa, etter ønske frå fagmiljøet. Nettverket organiserer lærarutdannarar innan fagområdet, og denne veka er 120 deltakarar samla på OsloMet for å feire jubileet. Temaet for jubileumskonferansen er «Fortid, notid og framtid - lærarutdanning i formgiving, kunst og handverk i UH-sektoren».
Viktig arena
Professor Laila Belinda Fauske ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet, har vore ein del av vitskapleg komité for konferansen. Ho framhevar viktigheita av eit slikt nettverk og møtepunkt.
– Nettverk for formgiving, kunst og handverk i UH-sektoren er ein arena for deling av kunnskap, erfaringar og forsking, på tvers av dei ulike lærarutdanningane som vi har i Noreg.
– Når vi i år feirar 10 års-jubileum for nettverket, markerer vi også 10 år med nasjonale konferansar - årlege møteplassar for deling, diskusjon og formidling. Konferansane er svært viktige fordi desse speglar det aller siste av både forskingsaktivitet og praksis, internt i miljøet.
– Gjennom eksterne hovedinnlegg opnar dei også for andre perspektiv, både frå internasjonal forsking og frå praksisfeltet. For både nye og gamle medlemmer av nettverket er dei årlege konferansane ei real vitaminbombe i vintermørket, seier Fauske entusiastisk.
Tett på studentane
Prorektor Silje Fekjær ved OsloMet hadde æra av å opne konferansen. Ho framheva blant anna eigenarten til faget.
– Kunst og handverksfaga er ikkje alltid som dei andre faga i akademia. "Call for papers" til denne konferansen er ikkje ein invitasjon berre for tradisjonelle vitskaplege artiklar, men også for visuelle framstillingar av forsking og praksis. Kanskje kan fleire av oss ha noko å lære av nye måtar å kommunisere på innanfor akademia.
– Dei estetiske faga skil seg også ut ved å vere tettare på studentane sine enn mange andre fag.
– Vi ser det blant anna på dei gode resultata dei får når Studiebarometeret spør kor fornøgde studentane er med tilbakemelding og rettleiing frå fagleg tilsette. Frå forskinga veit vi at denne kontakten med studentane er viktig, både for at studentane skal trivast og at dei skal fullføre. Flotte å sjå miljø som jobbar for å vere tett på studentane sine.
Fekjær oppmoda deltakarane til å vere nysgjerrig på ny forsking, knytte kontaktar, utveksle forskingsidear og erfaringar, og dessutan diskutere korleis vi saman kan løfte faget og studentane også framover.
Kvar er vi og kvar vil vi?
Temaet for konferansen er “Fortid, notid og framtid - lærarutdanning i formgiving, kunst og handverk i UH-sektoren". Med jubileumskonferansen ønskjer nettverket at fagmiljøet skal stoppe opp, sjå seg rundt og tilbake - for å skape ei framtid.
– Vi lever i ei spesiell tid der behovet for å tenkje berekraftig, klimavennleg, etisk og mangfaldig kanskje aldri har vore større. Kunst- og handverksfaget er eitt viktig fag som tar opp i seg alle desse problemstillingane og som byggjer på ein tung berekraftig tradisjon, seier studieleiar Dag Johannes Sunde ved Institutt for estetiske fag.
– I tillegg til desse store samfunnsutfordringane som vi både står oppe i og som ligg framfor oss, trur eg at fokuset på psykisk helse framover på alle UH-studiar vil bli viktig. Vi veit at kunst- og handverksfaget med det tverrfaglege teamet folkehelse og livsmeistring, har ei viktig rolle å spele for dagens barn og unge, og at det har relevans for satsinga til regjeringa på denne målgruppa.
– Vi speglar samfunnet, er ein naturleg del av lokalmiljøa rundt om i landet og vi må i endå større grad ta dei store samfunnsutfordringane inn over oss, og bidra aktivt i å løyse dei. Det prøver vi å gjere på OsloMet. Vi skal bli betre på det, og her har alle fag og retningar eit ansvar, også kunst- og handverksfaget, understrekar Sunde.
Jubileumsnummer
I forkant av konferansen har fagmiljøet vore invitert til å levere artiklar. Som ein del av 10-års markeringa er det nemleg gitt ut eit jubileumsnummer av FormAkademisk - forskingstidsskrift for design og designdidaktikk (journals.oslomet.no). Med dette nummeret ønsker ein å styrke koblinga mellom KHUH-nettverket og utviklinga av det akademiske fagfeltet.
Janne B. Reitan, førsteamanuensis emerita ved OsloMet, presenterte live digital publisering av jubileumsnummeret til «trommevirvlar» frå salen. Dei antatte publikasjonane vil og bli presenterte på konferansen. I tillegg har fagmiljøet blitt oppmoda til å levere inn bidrag til eit temanummer av tidsskriftet FORM.
Jubileumskonferansen 2023 blir arrangert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (kunstkultursenteret.no), i tett samarbeid med Nettverk for formgiving, kunst og handverk i universitets- og høgskulesektoren (KHUH) og Institutt for estetiske fag ved OsloMet.