Bergaust startar i stillinga 1. juni. Ho tek over etter professor Laila Fauske som begynner i ny jobb som instituttleiar ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Laurence Habib, dekan ved Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD), ser fram til å få Bergaust med i leiargruppa.
– Først vil eg gjerne takka Laila Fauske for godt samarbeid og flotta bidrag til både forsking, utvikling og innovasjon i perioden som prodekan ved TKD, seier Habib.
– Så er det er ei glede og ei ære at Kristin har takka ja til å bli med i dekanatet. Hennar varierte akademiske erfaring, tunge fagkunnskap og ikkje minst erfaring med tverrfagleg arbeid, vil vera ein stimulans for dekanatet og for fakultetet.
Kunstfagleg bakgrunn og lang erfaring frå OsloMet
Kristin Bergaust er professor ved Institutt for estetiske fag (EST), der ho har jobba sidan 2008. Ho har lang fartstid ved fakultetet - og variert og tung erfaring frå kunstfeltet.
– Eg har ein cand. mag. frå UiO og diplom frå Statens kunstakademi (no Kunsthøgskolen i Oslo – KHIO), fortel Bergaust.
– På 1990-talet bygde eg opp og leidde Noregs første medieverkstad for kunstnarar, Atelier Nord.
– I 2001 vart eg professor på NTNU og leiar for Intermedia-avdelinga ved Kunstakademiet i Trondheim, og heldt deretter fram som prodekan ved Fakultet for arkitektur og biletkunst i to år. Eg var med på å starta og byggja opp det nasjonale Stipendiatprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid som seinare vart ph.d.-program for kunstnarar, forklarer Bergaust.
– Så gjekk turen til OsloMet, der eg jobbar som professor på master i estetiske fag og har vore med på å utvikla ei ny breiare master med fleire studieretningar.
– Heilt sidan tida på kunstakademiet har eg hatt ulike tverrfaglege samarbeid og jobba i internasjonale nettverk og prosjekt. OsloMet har gitt meg høve til å utvikla fleire tverrfaglege forskingsprosjekt med base i kunstnarisk forsking og å delta i ulike EU-prosjekt, fortel ho.
Oppmuntrar til tverrfagleg samarbeid
Snart byrjar eit nytt og spennande kapittel, og Bergaust gler seg til å starta i jobben som prodekan.
– Først ser eg fram til å bli betre kjent med den praktiske røyndommen til dei ulike forskingsfelta og lytta meg inn på korleis dei ser utviklingsmoglegheiter og framtidsvisjonar. Deretter til å kunna følgja opp dette over litt tid.
– Eg gler meg også til å følgja fakultetets ph.d. -utdanningar på nært hald og til å bidra til at desse styrkjer både forskings- og utdanningsmiljø, seier Bergaust.
– Kva ønskjer du å få til i din periode som prodekan?
– I tillegg til å styrkja og synleggjera aktivitetane til dei enkelte forskingsfelta, vil eg leggja vekt på at miljøa får til tverrfaglege prosjekt både ved fakultetet og eksternt. Eg trur også vi har kapasitet til auka internasjonalt samarbeid og aktivitet.
– Ein oppdatert FoUI-strategi som fungerer for heile fakultetet, er noko eg ønskjer å få på plass snarast. Vi lever i ei uføreseieleg tid med mange utfordringar me ikkje heilt ser løysingane på. Ved å leggja vekt på kritisk tenking og kreativitet, og dessutan å utnytta potensialet i ny teknologi, kan vi få til framtidsretta forsking og utdanning, slik OsloMets strategi 2024-2050 peikar på, meiner den påtroppande prodekanen.
– Den ironiske, eldgamle, kinesiske forbanninga «May you live in interesting times» inspirerer meg, smiler Bergaust.
– Særleg ettersom ho verken er kinesisk eller eldgammal, men antakeleg stammar frå USAs politikarar under den kalde krigen.
– Vitskapsfilosofen Donna Haraway følgjer opp denne tidskjensla med boktittelen «Staying with the Trouble: Making Kin in the Chthulucene.» frå 2016. Ho beskriv meininga til tittelen slik: “Staying with the trouble means making oddkin; that is, we require each other in unexpected collaborations and combinations, in hot compost piles.”
– Komposthaugane kan bli ei utfordring, men elles tenkjer eg Haraway bevisstgjer oss om at vi lever i tider der me må ta i bruk uventa ressursar og greia å samarbeida på tvers, forklarer Bergaust.
Inspirerande jobb
Noverande prodekan for FoUI, Laila Fauske, ønskjer etterfølgjaren og kollegaen sin ved EST, velkommen i rolla.
– Forskinga ved TKD er tidsaktuell og viktig, både for universitetet og samarbeidspartnarar, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg har me to særeigne og livskraftige ph.d.-program og mange dyktige ph.d.-kandidatar. Det har vore inspirerande og interessant å få innblikk i alt som skjer.
– Eg er trygg på at den nye prodekanen har svært mykje å bidra med i vidareutviklinga av forskinga på TKD og eg ønskjer henne lykke til med perioden.
Meir om Kristin Bergaust og FeLT-prosjektet
Meir om Kristin Bergaust (kristinbergaust.com)
Få vite meir om forskningsprosjektet FeLT - FeLT, Futures of Living Technologies (feltproject.no)
Foto: Ellen Røed