Kateryna Yevseichyk og Olesya Cherkes står utandørs på studiestad Pilestredet

Lagar norsk-ukrainsk ordbok

I slutten av 2025 skal ein norsk-ukrainsk versjon av den digitale ordboka LEXIN vere klar.

Kateryna Yevseichyk og Olesya Cherkes er redaktørar for den ukrainske ordboka, og saman med tre omsettarar jobbar dei iherdige med å ferdigstille henne.

Mange ukrainarar i Noreg, men inga ordbok

Kunnskapsdepartementet har gitt Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) oppdrag om å utvikle digitale ressursar for ukrainarar, og den ukrainske ordboka er ein del av dette arbeidet.

– Det er mange ukrainarar i Noreg no, men det finst inga ordbok dei kan bruke for å lære seg norsk ved hjelp av ukrainsk. Det finst heller ingen god digital ressurs. Google translate har eit system som omset frå norsk til engelsk til ukrainsk, og nokre gonger også via russisk. Dette gir dårleg kvalitet på omsettinga, seier Yevseichyk.

Yevseichyk understrekar at for å kunne lære eit nytt språk er det heilt nødvendig å ha tilgang til ei ordbok av god kvalitet.

Les meir på nettsidene til NAFO (nafo.oslomet.no).

Publisert: 23.04.2025 | Andrea Cornelia Falkenhaug | Foto: Katarina Hundal