LG har funne ut at Noreg kan eigne seg godt for utprøving av slike varmepumper, og har fått både OsloMet og NTNU med på laget.
Med er også University of Naples Federico II i Italia, som også forskar på oppvarming, ventilasjon og aircondition (HVAC) i kaldt klima.
Avtalen med OsloMet vart signert 18. juni 2024 i Pilestredet 35 i Oslo.
I ei pressemelding framhevar LG at dette utviklingsarbeidet er svært aktuelt:
I løpet av vinteren 2024 opplevde Nord-Europa rekordkaldt vêr, med temperaturar som fall under minus 40 grader Celsius enkelte stader. På desse stadene er det utfordrande å oppnå høg varmeeffektivitet med varmepumper på grunn av vanskar med å komprimere kjølemedium ved lågare trykk.
For å løyse dette, ville LG etablere eit samarbeid med andre aktørar for å utvikle varmepumper som leverer varmeyting på toppnivå sjølv under ekstremt kalde forhold.
Vidare ønskjer selskapet å betre kjerneteknologiane sine for å leie den globale elektrifiseringsinnsatsen og supplerande oppvarming i Europa meir tilgjengeleg.
Berekraftig utvikling
Samarbeid med OsloMet vil først og fremst involvere Institutt for bygg- og energiteknikk (BE).
– Dette samarbeidet er i tråd med forskings- og undervisningsmålet til instituttet, og dessutan Noreg sine ambisiøse mål for berekraftig utvikling, seier instituttleiar Yonas Zewdu Ayele.
– Vi ønskjer å vere leiande i forsking på effektive og reine energiløysingar, og samarbeidet mellom instituttet og LG Electronics markerer eit stort framsteg i dette arbeidet.
– Saman etablerer vi eit partnarskap som kan gjere store framsteg innan forsking på kaldt klima, varmepumper og kjøleteknologi.
– Dette initiativet vil ikkje berre komma instituttet, OsloMet og LG Electronics til gode, men også medverke til Noregs veg mot ei meir berekraftig framtid, seier Ayele.
Det nye samarbeidet har vekt stor merksemd i fagmedia, innanlands og internasjonalt.
Biletet øvst i artikkelen viser prorektor for FoU på OsloMet, Tanja Storsul, og Executive Vice President, LG Air Solution CEO, Jame Lee, etter avtalesigneringa.