Biletet er frå innsida av operabygninga i Oslo, og viser vindauga mot aust, med utsikt mot blå himmel med skyer øvst, og bygningar i Bjørvika nedst. I midten er det bygningskonstruksjonar.

Mange vil lære meir om miljøvennlege bygg

OsloMet fylte raskt opp nye vidareutdanningar i bygningsintegrerte solceller og energisimulering av bygningar.

– Etter ein fantastisk respons på det nye vidareutdanningstilbodet Automasjon i bygg, med ekstrakurs, satsar Institutt for bygg- og energiteknikk no vidare på fleire emne innan energi og miljø i bygg, fortel professor Peter Schild, emneansvarleg for den nye vidareutdanninga i energisimulering av bygningar. 

Det nye emnet er på fem studiepoeng, og gir studentane kompetanse i kontrollutrekning av energibruk og inneklima i bygningar, med nestoren Tor Helge Dokka, og broren Kjell Dokka, blant lærarane. 

Studentane lærer først og fremst om praktisk bruk av programvara SIMIEN, men òg om korleis ein løyser diverse problemstillingar, inkludert energimerking, passivhus-kriterium og kriterium for plusshus, og om vurdering av reell energibruk og inneklima i ulike bygg.

Lærer om solceller integrert i bygningsdelar

I den andre nye vidareutdanninga, Bygningsintegrerte solceller, på fem studiepoeng, lærer studentane om konkret dimensjonering med programvare, men òg om andre aspekt ved planlegging og prosjektering av solcelleanlegg i bygg, brann- og eltryggleik ved solcelleinstallasjonar, byggteknisk regelverk, og "best practice"-utføring ved fasadeintegrering.

Førsteamanuensis Habtamu Bayera Madessa, som er emneansvarleg for den nye vidareutdanninga, fortel at bygningar i Noreg bruker omlag 36 prosent av det totale energiforbruket i landet, og medverkar mykje til indirekte utslepp av klimagassar. 

Bruk av fornybar energi er saman med andre tiltak for energieffektivisering avgjerande for å redusere klimagassutslepp frå bygningar.

Ny og oppdatert kunnskap gjennom heile arbeidslivet har fått større fokus den siste tida. – prosjektleiar Marit Sandvik

Tverrfaglege og digitaliserte studietilbod

I utvikling av dei nye studietilboda har det vore viktig at dei skal vere tverrfaglege og medverkar til digitalisering.

– OsloMet ønsker å gjere digital- og teknologisk kompetanse til ein integrert del av studiane og fagmiljøa, seier instituttleiar ved Institutt for bygg- og energiteknikk, Hallgrim Hjelmbrekke.

– Instituttet legg vekt på tverrfagleg digital kompetanse i energi og miljø-studiane, og har derfor utvikla desse to emna som digitale undervisningstilbod.

Større behov for vidareutdanning

Behovet for vidareutdanning har òg vorte større. Dei nye studia vart møtt med stor interesse, og studieplassane vart raskt fylt opp.

– Ny og oppdatert kunnskap gjennom heile arbeidslivet har fått større fokus den siste tida, og det har ført til fleire førespurnader om korte etter- og vidareutdanningstilbod frå næringslivet, seier prosjektleiar Marit Sandvik.  

Bygningsintegrerte solceller og energisimulering av bygningar er dei to siste av dei korte utdanningstilboda instituttet tilbyr våren 2021. 

Begge emna er fullteikna, men det blir ein ny runde av bygningsintegrerte solceller hausten 2021.

Dei to emna er gratis.

Publisert: 22.01.2021 | Olav-Johan Øye