– Institutt for estetiske fag er veldig glad for endeleg å kunne tilby master i kunstterapi, fortel instituttleiar Liv Dahlin ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet.
Studiet blir tilbode som ei studieretning på det eksisterande masterstudiet i estetiske fag.
– Vi ønskjer at fleire skal få sjansen til å fordjupe seg i dette viktige fagområdet. For tida finst det ikkje masterprogram i kunstterapi i nokon av dei andre nordiske landa. Dette har medført at studentar har reist til andre europeiske land for å få ein mastergrad i kunstterapi, fortel ho.
Frå før omfattar masterstudiet i estetiske fag fire studieretningar med ulike opptakskrav: kunst i samfunnet, mote og samfunn, teater i samfunnet, kunst- og designdidaktikk.
Stort behov
Kunstterapi nyttar skapande arbeid med bilete som kommunikasjon i ein terapeutisk relasjon. Tilnærminga blir brukt til å førebyggje og fremje mental og fysisk helse, og livskvalitet.
For tida er kunstterapi mest brukt i ulike former for psykiske helsetenester. Det er i aukande grad vekt på medikamentfrie behandlingsformer og samfunnsbasert omsorg. Det er derfor viktig å utvikle, bruke og forske på effekten av komplementære behandlingsmetodar, slik som kunstterapi.
– Det er eit stort behov for kompetanse som kan møte dei aukande psykiske helseutfordringane til folk i alle aldersgrupper og med ulik kulturell bakgrunn. Her kan kunstterapi spele ei viktig rolle gjennom å integrere kunst, kreative utvikling, forsking og kliniske ferdigheiter i terapeutiske prosessar.
– Vi er svært stolte av at studiet har i seg eit høve til å svare på framtidige behov innan nettopp psykisk helse, understrekar Dahlin.
Kunstterapi blir også nytta innan somatisk helsevesen, og internasjonalt er det god forskingsevidens og praksis for å bruke kunstterapi mellom anna som eit tillegg til kreftbehandling.
Studieretning kunstterapi gir ulike moglegheiter for ein karriere både i det offentlege og private, innanfor helse og sosial sektoren eller innanfor undervisning og forsking.
Studieretninga blir tilboden på deltid.
Kunstterapi har ein nærare 25 års lang historie ved OsloMet, gjennom vidareutdanning i biletterapi. Studiet blir erstatta av den nye masteren.
Professor Mimmu Rankanen er fagleg ansvarleg for studiet.