OsloMet-fasade

Millionar til forsking på inkludering av born og unge

Eit OsloMet-prosjekt har fått 10 millionar frå Noregs forskingsråd.

Prosjektet er eit samarbeid med Sarpsborg kommune og Landsforeningen for barnevernsbarn, leia av NOVA-forskar Jane Dullum.

Målet er mellom anna å forbetre samarbeidet mellom tenester og etatar som hjelper sårbare born og unge, og utvikle betre tenester for mindreårige flyktningar, born som kan bli utsett for vald, og born under omsorga til barnevernet.

– Denne tildelinga vil gi eit stort løft til forskinga på dette feltet! Prosjektet rettar seg mot born og unge i sårbare livssituasjonar, og det er viktig at dei får eit godt og samordna hjelpetilbod. Dette krev ei nyansert og heilskapleg forståing av både tenestene sine og borna si erfaring med samarbeid. Prosjektet vil bidra til å auke kunnskapen på dette viktige området, seier Dullum.

Også Tanja Storsul, prorektor for FoU gler seg over tildelinga:

– Å inkludere fleire born og unge er eit svært viktig samfunnsoppdrag, og dette prosjektet er eit døme på korleis OsloMet bidreg til dette, seier ho.

– OsloMet har sterke forskingsmiljø som er viktige for å realisere samfunnsoppdraget om å inkludere fleire born og unge. Vi styrkjer no eige arbeid gjennom ei eiga satsing, og så er det ekstra gledeleg at vi også skal bidra gjennom prosjekt som dette.

OsloMets satsing på inkludering av born og unge (ansatt.oslomet.no).

Også støtte til bustadforskingsprosjekt

Midlane er ein del av utlysinga «Samarbeidsprosjekt for betre samhandling til det beste for born og unge», der totalt fire prosjekt har fått støtte.

I eitt av dei tre andre prosjekta skal OsloMet-forskar Maja Flåto leie ein arbeidspakke. Prosjektet heiter Onboarding transitional housing as a centar for collaboration in the mission of young inclusion (HOUSYOUNG) og blir leidd av Nordlandsforskning, som er ein av partnarane i Senter for bustad- og velferdsforsking ved SVA.

Prosjektmidlane blir knytte til satsinga til regjeringa på inkludering av born og unge:

– Utanforskap er ei stor samfunnsutfordring, som ofte startar i barne- og ungdomsåra. Dette er eit prioritert område for regjeringa. Forsking er avgjerande for å finne gode løysingar, og eg ser fram til å følgje prosjekta og sjå at kunnskapen blir teken i bruk for å hindre utanforskap blant born og unge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe i ei pressemelding.

Les  pressemeldinga til regjeringa om tildelinga: 130 millionar  kroner til forsking for å inkludere born og unge (regjeringen.no).