nærbilde av oslomets logo utenfor et av byggene i Pilestredet

NAV-midlar til NIBR

NIBR skal undersøkje sosialhjelpskarrierane til innvandrarane, og korleis NAV-rettleiarars skjønn blir utøvd.

To forskingsprosjekt ved OsloMets Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) får støtte frå NAV.

Dei to prosjekta høyrer heime ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR og Velferdsforskningsinstituttet NOVA:

Til saman seks prosjekt får tildelt støtte frå NAV i utlysinga i år, og får i underkant av 29 millionar kroner til saman.

Styrkar kunnskapsgrunnlaget

Som ein del av arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget sitt, lyser NAV årleg ut forskingsmidlar innanfor eitt av fire tematiske satsingsområde i FoU-planen sin: Arbeidsretta tiltak og verkemiddel, påliteleg forvaltning, samhandling med brukarar og sosiale tenester i NAV-kontoret.

Gjennom årets utlysing blei forskarar inviterte til å foreslå prosjekt som klargjer ulike sider ved dei sosiale tenestene i NAV-kontoret, og fekk i alt 46 skisser.

– Gratulerer til fagmiljøa både ved NIBR og NOVA med tildelingane, på bakgrunn av gode og relevante prosjektbeskrivingar, seier prorektor for FoU ved OsloMet, Tanja Storsul.

– Forskingsområda til begge institutta våre treffer kjernen i NAVs verksemd, og viser tydeleg at tett samarbeid mellom universitetet og andre viktige aktørar er essensielle for utviklinga av samfunnet, seier Storsul.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 14.06.2024 | Tone C. S. Thorgrimsen