English version
Tone Tobiasson og Ingun Grimstad Klepp

Ny bok om lokale og berekraftige klede

Kledeforskarane ved SIFO med fersk antologi der dei utforskar kva berekraftige klede kan vere.

Dette er ei bok om ein bestemt fiber, ull, og den rolla den kan spele i framtidas kledeproduksjon. Overforbruk av klede og tekstilar set eit stort press på jordas ressursar, og det ligg eit enormt potensial i å minske fotavtrykket frå denne sektoren.

Boka handlar om korleis vi kan organisere lokale ressursar på ein betre måte enn i dag. Den spring ut av det tidlegare SIFO-prosjektet KRUS, som handla om ressursutnytting av norsk ull. Forfattarane av boka vel å studere lokale klede med utgangspunkt i ull, som er eit material som naturleg høyrer heime i Noreg, og som dei kjenner godt gjennom mange forskingsprosjekt.

Ingun Grimstad Klepp (til høgre i bildet) er professor i klede og berekraft ved SIFO, OsloMet. Tone Skårdal Tobiasson (til venstre i bildet) er journalist og redaktør, og grunnleggar av Nordic Initiative Clean & Ethical Fashion.

Sagt om boka

«Forfattarane av denne fascinerande boka brukar ull som linse til å sjå viktige aspekt av samtida: kapitalisme, forbruk, standardisering – og motsett: lokalt handverk og praksisar, livskvalitet, berekraft. Leseverdig, opplysande og engasjert, denne boka er drevet av ein lidenskap for ull. På lærd vis vever, spinner, karder og strikker boka det vesle og det store perspektivet saman. Den bidreg ikkje berre til kunnskap om tekstilar og berekraft, men gjer òg djupn til forståinga vår av globalisering.»  

Professor Thomas Hylland Eriksen, Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Oslo

«This book is a tour de force and a heart-on-sleeve exploration of how a familiar fibre can radically change the fashion and sustainability story.»

Professor Kate Fletcher, Centre for Sustainable Fashion, London College of Fashion, UK

bokomslag Local, Slow and Sustainable Fashion Wool as a Fabric for Change

Om boka

Klepp, Ingun Grimstad og Tobiasson, Tone Skårdal (red.): Local, Slow and Sustainable Fashion. Wool as a Fabric for Change. Palgrave Macmillan 2022

Les meir om boka på forlagets nettside (springer.com)

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 09.02.2022 | Kjersti Lassen