Temanummeret som blir trykt i denne utgåva av Tidsskrift for bustadforsking, må betraktast som eit stort steg på vegen mot å realisera ambisjonen til redaksjonen om å pusta meir liv i den nordiske fagoffentlegheita for bustadforskarar.
Norden består av land med mange sosiale, økonomiske og kulturelle likskapar – og me nordbuar har sannsynlegvis mykje å læra av kvarandre både empirisk, teoretisk og analytisk.
Utleigebustader i Norden
Emnet for temanummeret, som er redigert av Martin Grander frå Malmö universitet og Jardar Sørvoll frå Velferdsforskningsinstituttet NOVA, er sosiale og offentlege utleigebustader i Norden.
Dette er eit emne som alltid har gitt opphav til politiske diskusjonar, og samtidig er eit svært viktig bustadtilbod for låg- og mellominntektsgrupper over heile Norden.
Bidragsytarane til temanummeret representerer universitets- og høgskulesektoren i Danmark og Sverige. I neste utgåve av tidsskriftet vil me publisera det gjenståande bidraget til temanummeret frå Noreg, Finland og Sverige.
Tidsskrift for bustadforsking blir gitt ut av Universitetsforlaget og kan lesast gratis på nett.
Kamp mot sosiale forskjellar
Nordic Journal of Urban Studies (NJUS) har også merksemda retta mot Norden og byforsking. NJUS er eit tverrfagleg nordisk tidsskrift om byforsking, og kjem ut to gonger i året.
No er den nyaste utgåva tilgjengeleg og kan lesast gratis på nett (idunn.no).
I denne utgåva kan du mellom anna lesa om korleis kamp mot sosiale forskjellar har vorte ei sentral problemstilling for kommuneplanlegging og om byrom og bevaring i Oslo: korleis blir rettsleg og politisk mobilisering brukt i urbane vernekampanjar?
God lesnad!
Kontakt
Relaterte sider
Vårt tidsskrift for bustadforsking er eit tverrfagleg, vitskapleg tidsskrift som omhandlar alle sider ved bustadfeltet i Noreg, hovudsakleg marknad, politikk, sosiale forhold, bumiljø og nabolag.
Eit tverrfagleg nordisk tidsskrift for byforsking. Tidsskriftet er Open Access, og vil komme ut med to utgåver i året.
Bybloggen er ein fagblogg om byar, stad, styring og samfunnsutvikling.