– Eg vil gi ros til Bufdir som her legg grunnlaget for forskingsbasert kunnskap som strekkjer seg utover augneblinken når det gjeld konsekvensane av pandemien, seier Guro Ødegård, direktør ved NOVA.
– Tematikken ligg i kjernen av NOVAs forskingsportefølje og me gler oss til å gå i gang med prosjektet i samarbeid med høgt kompetente partnarar.
Elisabeth Ugreninov, forskar ved Seksjon for helse- og velferdsforsking ved NOVA, skal leie prosjektet, og vi spør ho:
Kva tenkjer du no – etter å ha fått tilslag på prosjektsøknaden?
– At dette var ei utruleg bra julegåve å få frå Bufdir, godt og vel 24 millionar! Spøk til side, det at me fekk dette prosjektet er først og fremst eit resultat av godt samarbeid mellom dyktige kollegaer her ved OsloMet og frå Institutt for samfunnsforsking, Folkehelseinstituttet og Helseutvalget, svarer ho.
Kva er det dykk skal finne ut?
– Prosjektet består av heile 12 delstudiar som til saman skal gi innblikk i konsekvensane av koronapandemien for oppvekst og varetaking av sårbare grupper av unge, og likestilling i arbeidslivet mellom menn og kvinner, og personar med funksjonsnedsettingar. Det skal også gjennomførast ei større spørjeundersøking om hatefulle ytringar, seier Ugreninov.
Kva forventningar har du til prosjektet?
– Eg har eigentleg ganske store forventningar til dette prosjektet. Me er ei dyktig prosjektgruppe som skal nytte mange ulike datakjelder og metodiske framgangsmåtar for å studere ulike effektar av koronapandemien.
Målet er at me skal komme med ny kunnskap og anbefalingar om tiltak som kan dempe dei negative verknadene av koronapandemien.– Elisabeth Ugreninov
– Målet er at me skal komme med ny kunnskap og anbefalingar om tiltak som kan dempe dei negative verknadene av koronapandemien, men også bidra til at velferds- og helsetenester betre kan vareta sårbare grupper i framtida, avsluttar Ugreninov.
Prosjektet er eit samarbeid mellom forskingsinstitutta NOVA, AFI, og SIFO ved OsloMet, Folkehelseinstituttet (fhi.no), Institutt for samfunnsforskning (samfunnsforskning.no) og Helseutvalet (helseutvalget.no).
Det blir finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og har ei kostnadsramme på 24 millionar kroner over fire år.
Les meir om prosjektet
-
Langtidskonsekvenser av koronapandemien for oppvekst og likestilling
I dette prosjektet skal vi undersøke konsekvensene av pandemien for oppvekstsvilkår til barn og unge, likestilling i familier og for enkeltpersoner, inkludert barn og voksne med funksjonsnedsettelser.