Kvifor bør du lære om organisasjonskultur?

Mange menneske i ei bygning sett ovanfrå.

– Ein organisasjon med ein sterk og positiv kultur kan tiltrekkje seg og behalde talentfulle tilsette, medan ein organisasjon med ein negativ kultur kan oppleve stort gjennomstrøyming og dårleg omdømme, seier Blanka Støren-Vaczy

Støren-Vaczy er emneansvarleg i masteremnet Organisasjonskultur.

– For å forstå organisasjonskultur kan det vere nyttig å sjå på organisasjonen som ei sosial eining som har sin ein eigen personlegdom. Ein organisasjon har sine eigne normer og reglar for korleis ting skal gjerast. Uformelle normer og reglar kan vere like viktige som dei meir formelle reglane og prosedyrane, seier ho.

Vidareutdanninga er på 10 studiepoeng og er utvikla av Handelshøgskulen i samarbeid med Kompetansesenter for Arbeidsinkludering (KAI).

Studiet er utvikla for deg som vil studere ved sida av jobben.

Ein organisasjon med ein negativ kultur kan oppleve stort gjennomstrøyming og dårleg omdømme – Blanka Støren-Vaczy

Organisasjonskulturen kan påverke korleis tilsette oppfattar og reagerer på endringar eller utfordringar i arbeidsmiljøet. Organisasjonskulturen blir påverka av faktorar som leiing, kommunikasjon, konflikthandtering og haldningane og verdiane av tilsette.

– Ein sterk og positiv organisasjonskultur kan bidra til å motivere tilsette, auke produktiviteten og forbetre kvaliteten på arbeidet som blir utført, seier Støren-Vaczy.

– På den andre sida kan ein negativ organisasjonskultur skape eit dårleg arbeidsmiljø, senke motivasjonen til tilsette og redusere suksessen til organisasjonen, seier ho.

Kva lærer du?

Du får gjennom denne videreutdanningen kunnskap om:

Kven passar studiet for?

Denne vidareutdanninga passar for alle som er interesserte i organisasjonar og korleis kulturen i ein organisasjon kan påverke arbeidsmiljøet og organisasjonens suksess.

Vidareutdanninga er spesielt relevant for deg som jobbar i eller ønskjer å jobbe i ei leiande eller administrativ rolle innanfor ein organisasjon, eller er involvert i HR, personalleiing eller organisasjonsutvikling. Emnet passar også for dei som jobbar med arbeidsinkludering og samarbeider tett med arbeidsgivarar, eksempelvis jobbspesialistar.

Korleis går undervisninga føre seg?

Undervisninga vil vere både fysisk og digitalt. Den første og den siste samlinga blir gjennomført fysisk i OsloMets lokale, medan den andre samlinga blir digitalt. Forelesingane blir supplerte med videoforelesingar og casediskusjonar, presentasjonar og rettleiing.
 

Kontakt

Laster inn ...