Forskinga gjev ny kunnskap om tørre auge og grå stær-kirurgi, som kan gje betre behandling, meir presise operasjonar og betre pasientoppleving.
Ifocus Øyeklinikk i Haugesund står bak fire av ph.d.-prosjekta. Det er ein privateigd augeklinikk med 25 tilsette. Klinikken har dei siste 15 åra satsa tungt på klinisk forsking.
– Som privat bedrift har vi medvite nytta ordninga med nærings-ph.d.-ar for å delfinansiere forskingsaktiviteten ved klinikken, fortel grunnleggjar av klinikken, augelege Kjell Gunnar Gundersen.
Ifocus og Noregs forskingsråd finansierer om lag 45 prosent av prosjekta kvar, medan OsloMet står for om lag 10 prosent, som vert tilskrivne rettleiing og annan ressursbruk.
Kunstig intelligens er avgjerande når datamengdene er enorme
To av prosjekta har eit tydeleg klinisk fokus, medan eitt av prosjekta studerer tårefilm på molekylnivå.
– Desse tre prosjekta får fram enorme datamengder som vi vanskeleg kan forstå utan å nytte kunstig intelligens (KI) og maskinlæring. Det fjerde ph.d.-prosjektet er derfor eit spissa KI-prosjekt i tett samarbeid med SimulaMet.
Dei tre første prosjekta er knytt til doktorgradsprogrammet i helsevitskap på OsloMet, det fjerde til doktorgradsprogrammet i ingeniørvitskap.
Ifocus ventar at desse prosjekta vil avdekkje ny og nyttig kunnskap.
– Det vert utført mellom 60.000 til 70.000 grå stær-inngrep årleg berre i Noreg, og ny kunnskap om avvikande tårefilmkvalitet kan gje betre presisjon og færre komplikasjonar i behandling og kirurgi.
Kunstig intelligens gjev betre diagnostikk og behandling
Av interessante funn så langt, framhevar Gundersen at forskinga viser at avvikande tårekvalitet er svært vanleg i ein grå stær-populasjon med median alder på 75 år.
Avhengig av diagnostiske kriterium, fann forskarane avvikande tårekvalitet i opp mot 70 prosent av studiedeltakarane.
Aktiv intervensjon, i form av kunstig tårevæske og bruk av antiinflammatoriske (betennelsesdempande) augedropar, gav betre operativ presisjon og pasientkomfort, som kan overførast direkte til betre pasienttryggleik.
Nyare biletdiagnostikk synest å vere mindre sensitiv for avvikande tårekvalitet.
– Vi får nye og interessante funn frå tårefilmanalysane, men her må vi vente litt på før vi slepp nyheitene.
– Kombinasjonen kunstig intelligens og klinisk medisin har eit klart potensiale til å gje betre, meir objektiv og presis diagnostikk, betre parametrar til å kunne evaluere behandlingseffekt, og dermed bidra til å utvikle betre behandling.
Kunstig intelligens er også avgjerande for den femte doktorgradsstipendiaten, som er på ph.d.-programmet i ingeniørvitskap, og som Tørreøyneklinikken har bidrege med finansiering til.
Dette er dei fem ph.d.-kandidatane
Dei fem stipendiatane er
- Per Graae Jensen som hovudsakleg studerer avvikande tårefilmkvalitet i eit epidemiologisk perspektiv, og evaluerer etablerte og nye diagnostiske kriterium, med støtte frå Ifocus augeklinikk.
- Christian Nilsen som studerer betydninga av den avvikande tårefilmkvaliteten for presisjonen til inngrepet og betydninga av eventuell intervensjon før og etter inngrepet, med støtte frå Ifocus augeklinikk.
- Morten Gundersen som samlar tårefilmprøver frå alle studiedeltakarar i ulike fasar av studien og gjennomfører avansert proteomikk-, metabolomikk- og lipidomikkanalysar for å leite etter ny objektiv kunnskap knytt til avvikande tårefilmkvalitet, med støtte frå Ifocus augeklinikk.
- Sajad Amouei Sheshkal frå SimulaMet som har bakgrunn som matematikar og skal studere alle kliniske data og laboratoriedata på jakt etter nye samanhengar som kan leie til meir presis diagnostikk, og betre og meir objektiv evaluering av behandlingseffekt, med støtte frå Ifocus augeklinikk.
- Fredrik Fineide som har bakgrunn som lege, og som fokuserer på kliniske variablar, avansert biokjemi og kunstig intelligens, med store mengder data frå 1000 pasientar, og med støtte frå Tørreøyneklinikken.
Desse prosjekta kunne ikkje ha vorte gjennomførte utan tett kontakt og samarbeid på tvers av ulike fagmiljø.
Kompetanse på OsloMet viktig for omfanget av forskinga
– OsloMet og SimulaMet har ein leiande posisjon innan KI og djup maskinlæring. Utan kompetansen og entusiasmen deira, kunne vi ikkje ha realisert desse prosjekta med dei ambisjonane vi har.
– Vi trur denne typen tverrfagleg samarbeid kan gje oss ny og svært nyttig kunnskap langt ut over det desse ph.d.-prosjekta har fokusert på så langt. Her ligg det mange moglegheiter for spennande postdoktorprosjekt og heilt nye ph.d.-prosjekt.
– Alle dei fire ph.d.-kandidatane med støtte frå Ifocus Øyeklinikk vil avslutte prosjekta sine i 2023-2024, men vi ser allereie fram til nye prosjekt i åra som kjem, seier Gundersen.
Prosjektet til Fredrik Fineide er det første nærings-ph.d.-prosjektet til Tørreøyneklinikken, og er knytt til ph.d.-programmet i ingeniørvitskap på OsloMet, og har SimulaMet som samarbeidspartnar.
– Utan den kompetansen og det drivet som heile tida har vorte demonstrert av OsloMet og SimulaMet, hadde ikkje dette prosjektet late seg gjennomføre i det omfanget vi ser i dag, seier Fredrik Fineide.
Gjev grunnlag for fleire doktorgradsprosjekt
– Framleis samarbeid mellom Tørreøyneklinikken, OsloMet og SimulaMet kan gje kunnskap og akademisk utvikling langt utover det aktuelle prosjektet. Basert på datasettet innsamla i dette prosjektet åleine, er det grunnlag for fleire ph.d.- og postdoktorprosjekt i nær framtid.
Fineide ventar å fullføre prosjektet sitt i 2024-2025, og tre nye nærings-ph.d.-prosjekt er allereie i planleggingsfasen.
Tørreøyneklinikken, med augelegane Sten Ræder og professor Tor Paaske Utheim i spissen, har engasjert seg mykje i forsking innan tørre auge og augehelse. Professor Utheim har publisert over 260 vitskaplege artiklar, der mange omhandlar tørre auge, og er no rangert som nummer 9 av 30000 forskarar i Noreg (khrono.no).
– Dette hadde ikkje vore mogleg utan samarbeidet med OsloMet, seier Utheim, som er svært nøgd med OsloMet som akademisk partnar.
Forutan eit tett samarbeid med OsloMet, SimulaMet, Oslo universitetssjukehus og Universitetet i Oslo, har dei også samarbeidd mykje internasjonalt, mellom anna med Harvard Medical School.
OsloMet får nyttig erfaring med nærings-ph.d.
– Alle nærings-ph.d.-prosjekt treng ein engasjert akademisk partnar. Etter at vi klarte å forsere enkelte formelle hinder, då vi opplevde at OsloMet så langt hadde lita erfaring med nærings-ph.d., fekk prosjekta retning og fokus, særleg etter at AI-lab på OsloMet vart involvert, seier Gundersen.
– Eg vil hevde at OsloMet har fått ny og viktig kjennskap til ordninga med nærings-ph.d. via prosjekta vi har bidrege til. Dette kan medverke til at OsloMet får tilgang til nye midlar og kjem i kontakt med nye fagmiljø.
Biletet øvst i artikkelen viser tre av ph.d.-kandidatane med støtte frå Ifocus Øyeklinikk: Frå venstre Christian Nilsen, Per Graae Jensen og Morten Gundersen. Foto: Gunnlaug Broshaug, Ifocus.
Les meir om nærings-ph.d. og offentlig sektor-ph.d. på OsloMet.
Relaterte saker
Tørre øyne er en av de mest utbredte sykdommene i verden. Forskere ved OsloMet bruker kunstig intelligens for å utvikle bedre behandling.
Kunstig intelligens blir stadig viktigere i hverdagen til de aller fleste. Men vet du egentlig hva kunstig intelligens er, og hva det kan brukes til?
Mennesker løser oppgaver med lite energi, kunstig intelligens bruker mye strøm. Kan kunstig intelligens lære av biologien?