Stefano held prisen han har fått over hovudet

Prestisjepris for forsking på kunstig liv

Professor Stefano Nichele har fått «Distinguished Early-Carees Investigator Award” for forskinga si på kunstig liv.

Prisen går til forskarar som på eit tidleg stadium i karrieren har levert viktige bidrag til forskinga på kunstig liv, eit fagfelt innan informatikk der forskarane prøver å forstå dei grunnleggjande prosessane biologisk liv byggjer på, og å bruke denne forståinga til å utvikla informasjonsteknologi.

Dette kan innebere simulering av livsprosessar i eit digitalt miljø, skaping av livsliknande prosessar i til dømes robotar, og manipulasjon eller skaping av liv på molekylært nivå.

Nichele forskar på bruk av biologiske nevronar for å utvikla kunstig intelligens.

Til Fredrikstad Blad forklarer han at kunstig intelligens (KI) er algoritmar som skal simulere intelligens og lære frå data, og at den største inspirasjonskjelda er biologiske hjernar. 

Og biologiske system gjev inspirasjon til å utvikle meir avanserte maskiner og algoritmar. Fagfeltet kunstig liv fokuserer på akkurat det. 

– Vi studerer biologiske system for å finne ut korleis vi kan lage algoritmar som simulerer dei, til dømes for å lage betre kunstig intelligens, seier han.

Stefano Nichele er professor både på OsloMet og på Høgskolen i Østfold.

Til Høgskolen i Østfold seier han at prisen inneber at det han har gjort i første del av forskingskarrieren er viktig, og har verdi for forskingsmiljøet og kollegaene i fagfeltet. 

– Eg håpar at forskinga mi vil hjelpe til å forstå betre korleis intelligens oppstår i biologiske organismar og korleis slike konsept kan implementerast i maskiner. Målet er å laga maskiner i framtida som er meir adaptive, levande og generelt intelligente, seier han.

Prisen vert delt ut årleg av ISAL - The International Society for Artificial Life.

Biletet øvst i artikkelen er teke av ISAL – The International Society for Artificial Life.

Kontakt

Laster inn ...

Meir om biologi og kunstig intelligens

Slik kan biologien inspirere kunstig intelligens

Mennesker løser oppgaver med lite energi, kunstig intelligens bruker mye strøm. Kan kunstig intelligens lære av biologien?

Bilde av tre smilende unge menesker ved et bord i samarbeid om en kreativ oppgave.
Publisert: 15.08.2024 | Olav-Johan Øye