Det er Rådgivende ingeniørers forening (RIF) som deler ut prisen etter vurdering av ein jury.
Oppgåva tek sikte på å løyse problemstillingar knytt til oppgradering av leidningsnett i ei 450 meter lang trafikkert strekning i Pilestredet i Oslo,
Her møter aktørane utfordringar knytt til avstandskrav og plassbehov når trafikkavvikling for trikk, bilar, gåande og syklande skal kombinerast med ei effektiv og framtidsretta overvasshandtering.
Juryen legg vekt på at bacheloroppgåva set søkjelyset på ei svært aktuell problemstilling ved planlegging og prosjektering av gateoppgradering i by, i ei tid der behova knytt til areal og infrastruktur i denne typen prosjekt stadig aukar, medan tilgjengelege areal held fram med å vere dei same.
Bacheloroppgåva har på ein god måte synleggjort dei typiske utfordringane ved planlegging og prosjektering av gateoppgraderingar.
Ekspertane på vatn og miljø i juryen meiner at oppgåva til OsloMet-studentane oppfyller krava om at årets bacheloroppgåve skal vere nytenkjande, ha nyheitsverdi, og vere praktisk og nyttig for rådgjevarbransjen.
Juryen gratulerer prisvinnarane med prisen som i år er på 10.000 kroner, og ønskjer dei lukke til vidare i studiar og arbeidsliv.
Universitetslektor Tom Baade Mathiesen har vore rettleiar for studentane.
På biletet øvst i artikkelen ser vi studentane Elin Nordskaug, Marie Otneim Forshaug, Lovise Mulstrand Nyhagen og Gerd Une Fjerdingstad frå OsloMet saman med representantane frå Rådgivende ingeniørers foreining.
Les meir om samarbeid med bransjen
OsloMet tilbyr nye masterspesialiseringer i geoteknikk og smart vannteknologi fra høsten 2023, for å møte etterspørselen etter fagfolk.
OBOS og OsloMet skal nå samarbeide om forskning, innovasjon, undervisning og rekruttering – for eksempel til byggingeniørstudier.