Prisvinnar Parisa Gazerani saman med Tanja Storsul og Carl Christian Thodesen på podiet under Forskings- og innovasjonsdagen 2024, framfor publikum.

Vinnarane av forskings- og innovasjonsprisane heidra

Vinnarane av OsloMets fem prisar innanfor forsking, innovasjon og samfunnsforbetringar, er kåra.

Dei fem prisvinnarane vart feira 21. november, på OsloMet sin eigen forskings- og innovasjonsdag. Hver av prisvinnarne får 150 000 til sitt vidare arbeid innanfor feltet dei blir heidra for.

Les meir om OsloMet sine FoUI-prisar (ansatt.oslomet.no).

Forskingsprisen

Forskingsprisen for 2024 blir tildelt professor Parisa Gazerani frå Fakultetet for helsevitskap.

Grunngivinga frå juryen

Parisa Gazerani sin forsking innanfor feltet translasjonell nevrovitskap er av eksepsjonelt høg kvalitet. Dette gjeld særleg arbeidet med nevrologiske lidingar og smerte.

Gazerani sitt arbeid bidrog til at botulinumtoksin (Botox) fekk FDA-godkjenning til behandling av migrene, og forskinga hennar på satellittgliaceller har gitt nye moglegheiter innanfor smertebehandling, med potensielt store konsekvensar for millionar av menneske.  

Gazerani har hausta vitskapleg anerkjenning både nasjonalt og globalt, og ho har vist sterke samarbeidsevner med internasjonale forskingsmiljø. Gjennom samarbeidsprosjekt har ho ført forskingsfeltet sitt framover, og sørgt for styrking av feltet her ved OsloMet. 

Dette, saman med engasjement for undervisning, gjer henne til ein vesentleg bidragsytar på og frå universitetet.

Vinnar av Forskingsprisen Parisa Gazerani.

Den komplekse hjernen; vinnar av Forskingsprisen Parisa Gazerani fortel om forskinga si. Foto: Marit Christiansen/OsloMet

For Gazerani var det kompleksiteten ved smerte som trekte henne til feltet.

Smerte er universelt, og samtidig djupt personleg. Bakgrunnen min frå nevrovitskap, med fokus på strukturen og funksjonen til hjernen, har vore avgjerande for å identifisere nye måtar å forstå- og behandle kronisk smerte. – Parisa Gazerani

– Å vite at forsking på feltet har potensial til å fundamentalt endre og forbetre menneskes liv, er ei konstant kjelde til motivasjon, seier Gazerani.

Prisen for lovande forskar

Prisen for lovande forskarar for 2024 blir tildelt Kamilla Knutsen Steinnes, stipendiat ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Grunngivinga frå juryen

Kamilla Knutsen Steinnes si forsking på det digitale kvardagslivet til barn og unge, spesielt arbeidde med dataspel, sosiale medium og personvern, er av utmerkt kvalitet.

Forskinga har tydeleg samfunnsmessig relevans. Arbeidet har bidratt til å opplyse debattar om digitale medium og innverknaden deira på barn og unge, og ho har vore ei viktig stemme i diskusjonar om korleis digitale plattformer påverkar sosial inkludering og ekskludering.

Vinnar av prisen for lovande forskar Kamilla Knutsen Steinnes presenterer forskinga på barns digitale kvardag.

Vinnar av prisen for lovande forskar Kamilla Knutsen Steinnes presenterer forskinga på barns digitale kvardag. Foto: Marit Christiansen/OsloMet

Steinnes meiner prisen vil ha mykje å seie for den vidare utviklinga hennar som forskar:

- Det er veldig inspirerande å få ei slik anerkjenning, og prisen vil utvilsamt motivere meg i den framtidige forskinga vår på SIFO.

Forskingsfeltet hennar blir diskutert rundt middagsbord og på foreldremøte over heile landet, og Steinnes peikar på fleire utviklingstrekk det kan vere verd å følgje med på framover:

– Spel, sosiale medium og andre appar utviklar stadig nye former for innteningsmodellar i takt med aukande integrering av maskinlæringsverktøy. Dette gjer at barn og unge får ei større rolle som forbrukarar, som må navigere i denne globale marknaden på eigenhand. Samtidig blir digitale plattformer endå meir skreddarsydde til individet enn før med fremkveksten av KI, seier Steinnes.

Formidlingsprisen

Formidlingsprisen for 2024 blir tildelt Christian Poppe, forskar ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Grunngivinga frå juryen

Christian Poppe sitt formidlingsarbeid har hatt ein stor samfunnsmessig relevans og innverknad, og han har vist ei eineståande evne til å kommunisere forskinga si på ein tilgjengeleg og engasjerande måte.

Poppe sin forsking på gjeld og økonomisk sårbarheit har hatt mykje å seie for det norske samfunnet, og reintroduksjonen hans av omgrepet "dyrtid" har bidratt til ein meir nyansert og treffande beskriving av den økonomiske situasjonen for mange norske hushald.  

Poppe bruker ulike formidlingskanalar effektivt, både aleine og saman med kollegaer, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Gjennom rapportar, medieopptredenar, foredrag og samarbeid med eksterne aktørar har han bidratt til å fylle kunnskapshol og informere samfunnet om viktige økonomiske utfordringar.

Vinnar av Formidlingsprisen Christian Poppe i samtale med Carl Thodesen.

Vinnar av Formidlingsprisen Christian Poppe i samtale med Carl Thodesen. Foto: Marit Christiansen/OsloMet

Frå scena delte Poppe nokre av sine tankar om kva som skal til for å lykkast med forskingsformidling.

– Det handlar om fleire ting. Det handlar om erfaring, men også om å ha eit godt fagmiljø rundt seg. Ein må vere trygg på at forskinga har høg kvalitet. Så må ein kanskje våge å ta nokre val. Bruken av omgrepet «dyrtid» var eit medvite val for å ta levekårsperspektivet inn i dei ofte tekniske diskusjonane omkring inflasjon, seier Poppe.

Eg synest forsking skal vere anvend for å ha ein verdi, og då er formidling grunnleggjande. Det kan handle om å vere på ulike arenaer og flatar; å vere både der politikken blir utforma, men også der konsekvensane av politikken brettar seg ut. – Christian Poppe

Innovasjonsprisen

Innovasjonsprisen for 2024 blir tildelt professor Gunn Astrid Baugerud frå Institutt for sosialfag, fakultetet for samfunnsvitskap.

Grunngivinga frå juryen

Gunn Astrid Baugerud har bidratt til samfunnsinnovasjon gjennom arbeidet med å utvikle ei digital plattform som lèt politi og barnevern øve på barneavhøyr ved hjelp av kunstig intelligens. 

Dette verktøyet, basert på forskingsbaserte metodar som dialogisk samtalemodell og sekvensielle avhøyrsmetodar, bidrar til å forbetre og halde oppe avhøyrsferdigheiter for fagpersonar som er avhengig av høg kompetanse.

Teknologien er lisensiert ut til Innsikt.AI, ei bedrift som spring ut frå samarbeidet mellom OsloMet og SimulaMet. Teknologien blir no testa ut i Noreg, Europa, og USA, noko som viser at forskinga har funne praktisk bruk og bidrar til å forbetre kvaliteten på barnesamtaler internasjonalt.

Vinnar av Innovasjonsprisen Gunn Astrid Baugerud fortel om bruk av avatarar til trening på barneavhøyr.

Vinnar av Innovasjonsprisen Gunn Astrid Baugerud fortel om bruk av avatarar til trening på barneavhøyr. Foto: Marit Christiansen/OsloMet

– Prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet som har vore lagt ned gjennom mange år, og set fokus på viktigheita av tett tverrdisiplinær forsking i samfunnsvitskap og teknologi. Det motiverer til å tenkje ut nye prosjekt og forsking i tilknyting til AI og psykologi, og gir dessutan moglegheiter for å auke det internasjonale samarbeidet på feltet, seier Baugerud.

Samfunnsforbetringsprisen

Samfunnsforbetringsprisen blir delt ut for første gong i 2024. Prisen gis for særleg innsats og tiltak som styrkjer OsloMets rolle i lokalmiljøet, og som leiar til samfunnsforbetringar. Prisen for 2024 blir tildelt Mette Tollefsrud, prosjektleiar for OsloMet Holmlia.

Grunngivinga frå juryen

Mette Tollefsrud sitt arbeid har ført til viktige endringar i ein levekårsutsett bydel. Hennar initiativ har hatt direkte innverknad på lokalsamfunnet, og har også bidratt til å styrkje samarbeidet mellom universitetet og bydelen.

Dette er eit eksempel på korleis ressursane i universitetet kan brukast til å skape samfunnsforbetringar utanfor den tradisjonelle forskings- og undervisningskonteksta.

Tollefsrud har ei oppsiktsvekkjande evne til å samarbeide med eksterne aktørar. Det har ført til reell samskaping med bydelen. Arbeidet hennar er basert på prinsipp som tverrfaglegheit, koordinering, bruk av forskingsbasert kunnskap og ei fleirkulturell tilnærming.

Vinnar av samfunnsforbetringsprisen Mette Tollefsrud fortel salen om betydninga av å ha OsloMet-logoen på Holmlia Senter.

Vinnar av samfunnsforbetringsprisen Mette Tollefsrud fortel salen om betydninga av å ha OsloMet-logoen på Holmlia Senter. Foto: Marit Christiansen/OsloMet

Orda «stoltheit» og «tilhøyrsel» går som raude trådar gjennom grunngivinga frå juryen, men sjølv syns Tollefsrud det er vanskeleg å svare på kva ho er mest stolt av å ha fått til:

– Eg er stolt over så mykje! Eg er stolt over å vere ein del av eit OsloMet som torde satse på eit prosjekt ingen hadde erfaring med frå før. OsloMet sette logoen sin på Holmlia senter; ein del av byen der universitetet er lite synleg. Me er tettare på tenestene, på ungdommane og familiane. Det skaper eit medvit – og minner oss på – kven me som universitet er, og kven me er til for, seier ho.

Stolte prorektorar

For prorektor for forsking og utvikling, Tanja Storsul, og prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid, Carl Christian Thodesen, var utdelinga av prisane ein festdag. Dei to innleidde Forskingsdagen frå scena, og presenterte og samtalte med vinnarane.

Stolte prisvinnarane saman med like stolte pro-rektorar. Frå venstre: Parisa Gazerani, Carl Christian Thodesen, Mette Tollefsrud, Kamilla Knutsen Steinnes, Christian Poppe og Tanja Storsul. Gunn Astrid Baugerud måtte rekke eit fly, og var gått då bildet vart teke

Prisvinnarane saman med prorektorar. Frå venstre: Parisa Gazerani, Carl Christian Thodesen, Mette Tollefsrud, Kamilla Knutsen Steinnes, Christian Poppe og Tanja Storsul. Gunn Astrid Baugerud måtte rekke eit fly, og var gått då bildet vart teke. Foto: Marit Christiansen/OsloMet

– I dag er me ekstra stolte over prisvinnarane våre! OsloMet har hatt ei solid utvikling som forskingsuniversitet, med sterk vekst i talet på forskingsprosjekt, i vitskapleg publisering, og i ph.d.-utdanningane våre. Prisvinnarne er alle framifrå representantar for denne utviklinga, seier Storsul.

Carl Thodesen følgjer opp:

– Me skal feire dei som har vunne i dag, og me skal vere stolte av det me som universitet får til. Prisvinnarane bidrar med kunnskap og kompetanse som verkeleg kjem samfunnet rundt oss til gode, gjennom forskinga, innovasjonen og det sosiale engasjementet sitt. Dei gjer oss til eit synleg universitet, og inspirerer oss internt.

Publisert: 20.11.2024 | Tor Even Marthinsen | Foto: Marit Christiansen/OsloMet