eit barn som teiknar med fargerike blyantar

Tildeling av såkornmidlar utsett

På grunn av mange søknader om såkornmidlar frå OsloMets satsing på barn og unge, er tildelinga utsett til 16. desember.

I samband med barn og unge-satsinga på OsloMet vart det i haust lyst ut 8 millionar kroner i såkornmidlar til forskingsaktivitet. Nesten 60 søknader har komme inn. Det er gledeleg at interessa er så stor.

Den store søknadsmengda gjer likevel at tidspunktet for tildeling av midlar må flyttast fram i tid. Det var opphavleg førespegla at behandlinga skulle vere klar 22. november. Nytt tidspunkt er 16. desember.

Alle einingar representerte

Totalt har 25 av søknadene deltakarar frå fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI), 23 frå Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA), 19 frå høvesvis Fakultetet for helsevitskap (HV) og Fakultetet for samfunnsvitskap (SAM), 5 har deltakarar frå fakultetet for teknologi, kunst og design (TKD) og 3 søknader inkluderer tilsette på Senter for profesjonsstudiar (SPS).  

Flest pilot og forprosjekt til større søknad

Det var mogleg å søkje om støtte til pilot/forprosjekt til utarbeiding av større prosjektsøknader, kunnskapsoppsummeringar eller analysar av  eksisterande data. Ein kunne også søkje om midlar til analysar av innsatsar/tenester, oppsummering av status og utfordringar i kommunar/bydelar og etablering av nettverk/møteplassar for utvikling av samarbeidsprosjekt.

Blant desse fire formåla er «pilot/forprosjekt til utarbeiding av større prosjektsøknad» det klart mest søkte om. Det er berreåtte av søknadene som ikkje har dette formålet, sjølv om mange av prosjekta har fleire formål samtidig.

God blanding av små og store prosjekt

Det var mogleg å søkje om mellom 200 000 og 1 000 000 kroner, og det er god spreiing i søknadssummane. I nær 40 prosent av søknadene blir det søkt om under 500 000 kroner, medan ein omtrent like stor del av søknadene ber om 800 000 til 1 000 000 kroner.

Vegen vidare

Alle innkomne søknader er sorterte i fem grupper, etter størrelsen på søknadsbeløpet. Prosjekta blir evaluerte av to eksterne fagpersonar, som vil gi ei individuell vurdering av kor godt søknadene svarer på kvart av dei fem kriteria frå utlysingsteksta.

Dei eksterne fagpersonane har blitt bedne om å rangere prosjekta. Vurderingane til fagpanela skal så brukast til å lage eit forslag til kva prosjekt som blir innvilga støtte. Det er  styringsgruppa for barn og unge-satsinga som i siste instans vedtek kva prosjekt som får støtte.

Oversikta over kva for nokre spesifikke tematiske område innanfor satsinga som er representert i søknadsbunken er enno ikkje klare. Planen er å gjere ein grundig analyse av heile den tematiske breidda i søknadsbunken etter at tildelinga er klar. Det vil gi viktig informasjon kva for nokre spesifikke forskingsspørsmål - innanfor tematikken «inkludering av barn og unge» - OsloMets tilsette er interesserte i å jobbe med framover.

Foto: Andrii Kotelnikov / OsloMet
 

Kontakt

Laster inn ...