Portrett av Alexander Kayiambakis.

Skatekunst til Møllersamlinga

Alexander Kayiambakis ikoniske skatebilete er innlemma i den prestisjetunge Møllersamlinga for fotokunst.

Biletet viser Torgny Amdam i det han rasar ned Y-blokktrappa på ei arbeidstralle og er teke i 1996.

Til dagleg er Alexander Kayiambakis studieleiar ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet, men med lang fartstid som fotograf, filmregissør og skater (fire gonger noregsmeister og ein andreplass i europameisterskapen) bak seg. Han er stolt over å ha vorte ein del av fotosamlinga.

– Å bli innlemma i Møllersamlinga er ei stor ære. Eg er utruleg stolt over å bli inkludert i ei samling blant fremståande kunstnarar som William Eggleston, Andy Warhol, Kåre Kivijarvi, Annie Leibovitz, Man Ray, Vibeke Tandberg og mange fleire. 

Møllarsamlinga er ein av Noregs mest omfattande fotografiske samlingar, og inneheld verk av både nasjonale og internasjonale fotografar. Samlinga består av rundt 1000 foto.

Vill idé

Ideen til biletet kom spontant, fortel Kayiambakis.

– Påska 1996, i eit aude Oslo, var me ein gjeng ute og skata ved Y-blokka, då Torgny Amdam fekk ein vill idé om å bruka ei forlaten arbeidstralle som rullebrett. Tralla må ha vege minst 80 kg og med bakhjul som svinga ukontrollert frå side til side, var denne tralla langt frå eit ideelt framkomstmiddel.

– Eg håpar me prøvde å overtala Torgny til å droppa ideen, seier studieleiaren med ein snev av dårleg samvit, for Amdam skadde foten i stuntet.

– Men han var allereie i ferd med å springa opp og ned trappa, høg på adrenalin av si eiga oppfinnsemd.

–  Eg hugsar at eg målte det svake lyset, justerte lukkar, blendar og fokus - og lét arkitekturen vera deltakande i komposisjonen slik at det passet inn i det kvadratiske Hasselblad-formatet.

– Oppe på platået dytta Torgny fart i tralla og hoppa på.

– Med det gamle manuelle kameraet, hadde eg berre éin sjanse til å ta biletet. Fotoet er framkalla og kopiert på eit mørkerom eg hadde den gong og mykje kunne ha gått gale med denne eine eksponeringa, seier han.

– For meg representerer biletet ungdommeleg fridom og råskap, kanskje i kontrast til dagens foreldrestyrte aktivitetar.

Skatebilete av Torgny Amdam.

Alexander Kayiambakis ikoniske skatebilete av Torgny Amdam blir nå ein del av Møllersamlinga. Foto: Alexander Kayiambakis

Ikonisk

Det er ikkje første gong biletet får merksemd, fortel Kayiambakis. 

– Biletet har tidlegare vore publisert i det amerikanske skatemagasinet Thrasher Magazine, og det vart vist på ei utstilling og eit billboard i USA i samband med Thrashers 40-årsjubileum.

– Dei spurde aldri om løyve, men bladet er legendarisk så me får la det gå, smiler han.

Har du lyst til å sjå biletet liva, må du smørja deg med tolmod fram til 2027. Då vil publikum få høve til å oppleva samlinga når ho blir stilt ut i gamle Deichmanske biblioteket, som for tida er under restaurering. Det historiske bygget skal nemleg bli til Deich Oslo, ein dedikert stad for fotografi og kultur.

I hektisk kvardag som studieleiar blir det ikkje mykje tid til å ta bilete. Men sjølv om Kayiambakis gjerne skulle drive meir med foto, blir han heldigvis i jobben på OsloMet.

– Eg trur alle kreative menneske ønskjer å halda på med faget dei brenn for, men eg er veldig glad i jobben min som studieleiar og trivst godt på Institutt for estetiske fag her på OsloMet.

– Det er givande å ha så mykje kunnskapsrike folk rundt seg og ein blir aldri utlærd på eit universitet.

– Så prøver eg å ta eigne bilete ved sida av så ofte eg kan, avsluttar han.

 

Foto av Alexander Kayiambakis: Sonja Balci

Publisert: 08.05.2024 | Hilde M. Kringeland