Portrett av dei fire studentane som har jobba med prosjektet på Deichman.

Spennande oppdragsgivarar og reelle prosjekt

Oslo kommune og Deichman er blant oppdragsgivarane når innovasjon og entreprenørskap står på timeplanen til faglærarstudentane i design, kunst og handverk.

Neste veke viser tredjeårsstudentane fram prosjekta sine i galleriet i Pilestredet park 33.

– Studentane har arbeidd i team, og fleire har jobba med eksterne partnarar i reelle prosjekt, fortel professor Petter Øyan ved Institutt for estetiske fag. Han er fagleg ansvarleg for emnet.

Emnet gir studentane ei teoretisk og praktisk forståing av entreprenørskap og innovasjon i undervisnings- og læringsprosessar. Det inkluderer både nyskaping, forretningsforståing, kreativitet og handlingsevne.

Oppdragsgivarane er ulike og breidda i prosjekta stor.

– Oppdraga femnar vidt. Frå «Kunst som verkemiddel i terapeutisk kontekst» i samarbeid med Almas Hus, til «Creative makerpaces» for Folkeverkstedet på Deichman, forklarer Øyan.

– Andre grupper har utvikla analoge spel for undervisning eller tenestedesignløysingar for Studentparlamentet på OsloMet, for å nemna nokre døme.

– Fleire av prosjekta er brukartesta og enkelte er allereie realiserte, mellom anna ei kunstutstilling for demenspasientar på Økernhjemmet, seier han entusiastisk.

– Utstillinga opna tysdag denne veka og vart svært godt motteken av både bebuarar og leiinga på heimen.

Fire studentar riggar til kunstutstillinga i ein korridor på Økernhjemmet.

Hanne Katrine Hansen, Kai Pramli Jahren, Sunniva Granly, Line Bollingmo Fuglsta og Livø Moen Eikeland legger siste hånd på verket før utstillingsåpning på Økernhjemmet.

Kunst som terapi

Idx Møllers gruppe har jobba med å vidareutvikla eit eksisterande tilbod ved Almas hus.

– Oppgåva me valde baserer seg på tilbodet «Møte med minne» som går ut på å få folk med demens i kontakt med eigne minne gjennom kunst, fortel Møller.

Me snevra prosjektet vårt inn mot kunstterapi og ser på korleis prinsipp innan faget kan nyttast til å støtta og gi gode opplevingar for folk med demens.

Møller fortel at det har vore ein interessant og lærerik prosess.

– Det er spennande å sjå dei positive effektane demente får i møte med kunst og kunstterapi.

– Det er ei givande oppgåve som handlar om å skapa verdifulle opplevingar både for personen med demens, men også for pårørande. Det er også eit område med store moglegheiter til vidare utvikling.

– Samtidig var oppgåva meir omfattande og krevjande enn me forventa, smiler ho.  

– Det handlar jo om menneske som skal behandlast på ein respektfull måte, og med ein sjukdom som me ikkje hadde noko kompetanse om før starten for prosjektet. Så me brukte mykje tid på innsamling av kunnskap.

Vidareutviklar tilbod ved Almas hus

Almas hus er Oslo kommunes visnings- og demonstrasjonssenter for velferdsteknologi, hjelpemiddel, fysisk utforming og tilrettelegging. Dei har også vore oppdragsgivar for ein av dei andre studentgruppene.

– Tidlegare retta Almas hus seg berre mot demente, men no ønskjer dei å retta seg mot ein større del av befolkninga, fortel faglærarstudent Kristin Hernæs.  

– Gruppa vår bidreg med eit konsept som vidareutviklar tilbodet. Me har skapt konseptet "Almas" som skal vera ein møteplass og eit formidlingssenter for alt av rettleiing innan folkehelse og velferdsteknologi.

– I konseptet er det kafé, open utstilling, diverse arrangement, kontor og møterom, og urte-/sansehage. «Almas» skal vera universelt utforma, men ikkje som eit sjukehus. Me har sett oss inn i fargar, interiør og design som kan møta eit breitt spekter av ulike behov, forklarer Hernæs.

– Dette er ei viktig oppgåve og det kjennest som me gjer ein forskjell for nokon som treng det. Samtidig får me i gruppa høve til å setja oss inn i problemstillingar knytt til universell utforming og helseøkonomi.

– Oppgåva krev at me tek i bruk mange ulike sider av oss sjølve og det var viktig for oss, understrekar ho.

Undervisningskonsept for Deichman

Ein av studentane viser noko på ein skjerm i Folkeverkstedet på Deichman. På bordet ved sida av henne ser me ulike materiale og maskiner.

Faglærarstudent Jannicke Krøvel held workshop i CriCut på Folkeverkstedet, Deichman.

Kristine Granums gruppe har jobba med å utvikla eit undervisningskonsept for Folkeverkstedet på Deichman Bjørvika.

– Me har brukt semesteret til å undersøkja og kartleggja både behovet, ønska og brukargruppa på Folkeverkstedet, og resultatet vart eit introduksjonskurs i vinylkutting og cricut-maskinen, med fokus på berekraft og gjenbruk.

– Ønsket vårt var å få eksisterande brukargrupper av Folkeverkstedet til å nytta seg av fleire maskiner, og ikkje berre dei maskinene dei bruker til vanleg, forklarer ho.

– Det har vore eit stort, spennande og utfordrande prosjekt.

 – Me ville utfordra oss sjølve på det teknologiske, og ta steget inn i Makerspace-rørsla. Me ser jo at Makerspace blir meir og meir relevant i skulen, og me ville derfor nytta høvet til å få eit innblikk i korleis eit av Oslos mest tilgjengeleg Makerspace fungerer, fortel Granum.

Utstilling på campus

Frå 28.-30. november vil studentane visa fram prosjekta sine i Galleriet i Pilestredet park 33. Med på utstillinga er også Universitetsbiblioteket.

– Me fekk ein invitasjon frå Petter Øyan om å stilla ut saman med studentane for å synleggjera samarbeidet mellom EST og Universitetsbiblioteket, fortel spesialbibliotekar Tone Berg Knudsen.  

– Det synest me er veldig hyggjeleg og spennande! Biblioteket i P48 er stengt for oppussing, og då er det fint å få høve til å delta på denne måten.

– Biblioteket bidreg med ein visuell presentasjon av våre tenester og ressursar mot estetiske fag generelt, og med fokus på dei aktuelle temaa for prosjekta til studentane på denne utstillinga.

– Me vil visa korleis studentane kan bruka Universitetsbiblioteket i studiane sine, m.a. korleis dei kan finna aktuell litteratur til oppgåver og prosjekt både på nett og i det fysiske biblioteket, og der dei kan få hjelp med oppgåveskriving, referansar og kjeldebruk etc.

Fakta

Faglærarutdanninga i design, kunst og handverk er erstatta av femårig lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, design, kunst og handverk. Det er derfor siste gong emna Entreprenørskap og innovasjon i design, kunst og handverk blir undervist i si noverande form.

I det nye masterprogrammet har me teke med erfaringane frå bachelorstudiet og utvikla ei ny og modernisert utgåve av emnet: Design, innovasjon og berekraft.

Publisert: 22.11.2023 | Hilde M. Kringeland