OsloMet-logo på mørk fasade

Statsbudsjettet 2025: Nedgang for OsloMet

Universitet og høgskolar får ein realnedgang på 1,3 prosent. For OsloMet blir realnedgangen 1,6 prosent.

Tildelingane til OsloMet i forslaget til statsbudsjett for 2025 er lågare samanlikna med i fjor. OsloMet får 3,128 milliardar kroner i grunntildeling, noko som inneber ein realnedgang på 1,6 prosent etter lønns- og prisjustering.

– Dessverre blir ramma til universitetet redusert, som forventa. Dette harmonerer ikkje med samfunnets behov for auka kunnskap og kompetanse, seier rektor Christen Krogh.

Les meir på sidene for tilsette (ansatt.oslomet.no)

Publisert: 07.10.2024 | Kjersti Thoresen