Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, forsvarsminister Bjørn Arild Gram, og forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel har gått saman om å setje av 70 millionar kroner årleg i statsbudsjettet til forsking på kvanteteknologi (klassekampen.no, krev innlogging).
Statsrådane besøkte kvantehubben på OsloMet for å lansere satsinga som dei beskreiv som svært etterlengta.
– Endeleg får vi til ei kraftsamling. Framtidas databehandling er her allereie med tilhøyrande moglegheiter og risiko som aukar kraftig, så vi må få eit skikkeleg løft på dette området no, sa forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
Digitaliseringsministeren poengterte at kvanteteknologi er eit verktøy som kan bidra til å møte fleire store samfunnsutfordringar, til dømes knytt til klima og behov for nye legemiddel.
– Vi har allereie jobba fleire år med denne teknologien i ulike fagmiljø i landet, som her ved OsloMet. No riggar vi oss for eit felles nasjonalt og ikkje minst nordisk teknologisprang til det beste for samfunnet, sa Karianne Tung, som håpar pengane kjem raskt ut i arbeid.
Forsvarsministeren la vekt på behovet for å auke kompetansen på kvanteteknologi, som kan brukast til å knekke kryptering.
– Vi er avhengige av å kunne kommunisere sikkert. Å sørgje for at tryggingssystema våre og kryptologiske løysingar også er trygge no som kvanteteknologien slår gjennom for fullt, er svært viktig, sa Gram.
Fagmiljøet på OsloMet er parat
Rektor ved OsloMet, Christen Krogh, er glad for satsinga, og understrekar at universitetet tek sin del av ansvaret for å auke kunnskapen på kvanteteknologi.
– Det er ikkje lenger snakk om viss kvanteteknologien blir moden nok til å kunne gjere utrekningar som er umoglege i dag, men når.
– Vi har allereie eit av dei fremste fagmiljøa i landet på området, og skal bidra til både å forske og utdanne nok folk med kompetanse til å både kunne utnytte potensialet i teknologien, og dessutan sikre oss mot dei negative effektane, seier Krogh.
Kvantehubben på OsloMet er eit leiande nasjonalt fagmiljø innanfor kvante-databehandling og matematisk modellering. Professor Sølve Selstø frå kvantehubben demonstrerte for dei tre ministrane korleis kvantedatamaskinene til universitetet kan utføre berekningar.
– Kvantedatamaskiner har ein veldig mykje raskare søkjealgoritme, og kan behandle store mengder informasjon på ein gong. Til dømes har den evna til å finne faktorar i store tal, som er det som skal til for å knekke mykje av dagens kryptering, forklarte Selstø.
Professoren gjorde statsrådane merksame på ei anna problemstilling å vere merksame på.
– Kvanteteknologien fører med seg ei demokratisk utfordring, det er svært mange i samfunnet som ikkje kjenner noko til han. Ved OsloMet har vi byrja å ta temaet med inn i undervisninga i relevante utdanningar, seier han.
Foto: Marit Christiansen / OsloMet.