Hansken-statuen på Christiania Torv i Oslo med plakater om "land back" og "600 dager med menneskerettighetsbrudd" på seg.

Stort prosjekt om samisk aktivisme til NIBR

NIBR er tildelt eit nytt, stort forskingsprosjekt frå Forskingsrådet om korleis samisk aktivisme påverkar politikken til dei ulike partia for grøn omstilling.

By- og regionsforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet får nær seks millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å gjennomføre eit prosjekt som ser på korleis samisk aktivisme påverkar politikken til dei ulike partia for grøn omstilling.

– Noreg har eit særleg ansvar for å sikre og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. For sikre at vi handterer samfunnsutfordringar som berører samiske interesserer på ein god måte, treng vi forskingsbasert kunnskap om korleis samiske rettar, perspektiv og behov blir varetekne i det politiske systemet, siger administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit i pressemeldinga frå Forskingsrådet.

Grøn omstilling

Til saman 12 søknader kom inn til utlysinga, som hadde frist i februar. Porteføljestyret til forskingsrådet for Samisk har innvilga søknaden ved NIBR på grunnlag av internasjonale fagekspertars vurdering av den vitskapslegen kvaliteten i søknadene.

I prosjektet «Indigenous representation in majority-based parties and “the green shift”: Structures, strategies, and policy effect» skal forskarar undersøkje korleis samisk aktivisme påverkar majoritetsbaserte politiske parti i Noreg og Sverige, og spesielt konsekvensane for politikken til partia for grøn omstilling. Prosjektleiar er NIBR-forskar Mikkel Berg-Nordlie.

– I dag finn vi heilt på toppen av dagsordenen mellom urfolk og styresmakter dei spørsmåla som dreier seg om naturvern og vern av urfolks kultur vs. utbygging av energiproduksjon som har til hensikt å vere meir klimavennleg. Vi har "gira inn" prosjektet vårt til å sjå på korleis urfolks-parti forholdet slår ut i akkurat denne typen politikk, som altså er særs "brennbar" og aktuell for tida, seier Berg-Nordlie. 

Det har vore mykje forsking på urfolks organisasjonsliv og urfolks eigne organ for representasjon, som Sametinget.

 – Men når vi skal forstå kvifor den praktiske politikken blir som han blir, er det også viktig å forstå korleis urfolksaktivistar arbeider i og med majoritetssamfunnet sine politiske parti. Dette er eit viktig, men underforska tema, som eg er glad for at det no blir gitt støtte til, seier Berg-Nordlie. 

Han trekk fram at vi i Noreg har ein etter kvart lang tradisjon for inklusjon av samisk representasjon i dei politiske partia, mens i Sverige er situasjonen ein heilt annan.

– Prosjektet vårt, som har kortnamnet IMPART, kjem til å sjå samanliknande på korleis ulike historiske storhendingar og val teke av både samar og ikkje-samar har ført dei elles ganske like statane Noreg og Sverige inn på ulike spor i akkurat denne saka, og kva som er konsekvensane av det, seier Berg-Nordlie. 

Samisk identitet

Han har også tidlegare gjennomført eit Forskningsråds-prosjekt, om vidareføring og utvikling av samisk identitet, kultur og språk i ein stadig meir urbanisert røyndom, og blant anna vore redaktør for boka «An Urban Future for Sápmi? Indigenous urbanization in the Nordic states and Russia» (uni.oslomet.no).

Berg-Nordlies forsking er fokusert på analysar av interaksjon mellom statlege og ikkje-statlege aktørar, minoritetsrepresentasjon og minoritetspolitikk og mediestudium.

Han arbeider særskilt med etnisk politikk, spesielt urfolkspolitikk, men også innvandrings- og integreringspolitikk. For det meste arbeider han i Russland og Norden, men han har også utført forsking i Kaukasus og Himalaya.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 21.06.2023 | Tone C. S. Thorgrimsen